Hopp til innhold

Mercedes: – Kollisjonen får alvorlege følgjer for Rosberg

Mercedes-leiinga seier at kollisjonen i formel 1-løpet i Belgia kjem til å få alvorlege konsekvensar for Nico Rosberg. Men media-kommentatorar trur ikkje heilt på det.

Lewis Hamilton og Nico Rosberg kjører begge for Mercedes og er med i kampen om å vinne sammenlagt tittelen i Formel 1. Under helgens Grand Prix i Belgia gjorde de alt veldig vanskelig for seg selv.

Her toppar konflikten mellom Rosberg og Hamilton seg. – Han gjorde det med vilje, seier Hamilton om lagkameraten

Bølgjene har gått høgt etter kollisjonen mellom Mercedes-førarane Nico Rosberg og Lewis Hamilton søndag, ikkje minst etter at Hamilton etter løpet gjekk ut og sa at dette gjorde Rosberg med vilje.

Mercedes seier at hendinga vil få alvorlege konsekvensar for Rosberg. – Men hans kommentarar var misforstått, og han gjorde det ikkje med vilje, seier Mercedes-sjef Toro Wolff.

Han står fast på at episoden får følgjer for tyskaren, sjølv om han ikkje meiner Rosberg gjorde det med vilje. – Ein smekk over fingrane er ikkje nok, det har vi sett, seier Wolff.

Som ikkje vil seie noko meir om kva straffereaksjonar han tenkjer på.

Trur ikkje på store konsekvensar

– Kollisjonen i løpet i Belgia kjem neppe til å få store konsekvensar. For Mercedes er VM-siger det einaste som betyr noko, meiner Viasats kommentator Atle Gulbrandsen.

Han har følgt formel 1-sirkuset lenge, og har klare meiningar om situasjonen under og etter løpet i Spa i Belgia i går.

Gulbrandsen ventar at Rosberg – som har fått skulda for situasjonen – får ein reprimande, men at hendinga elles ikkje får vesentlege følgjer. Trass i at Rosberg berre vart nummer to, auka han likevel leiinga i VM-samandraget.

– Og for Mercedes er det å vinne VM som er det einaste som tel. Om det er den eine eller den andre av førarane som vinn, er uvesentleg, seier Gulbrandsen.

Mercedes – individualistar med vinnarvilje

– Racerførarar er individualistar med ein sterk vinnarvilje. I formel 1 må dei inn i eit lag, og ikkje alle taklar like godt å måtte ta ekstra omsyn til lagkameratar. At førarar på same lag konkurrerer mot kvarandre, er ikkje noko nytt. Det er mange døme på det opp gjennom historia. Ikkje minst kampen mellom Ayrton Senna og Alain Prost på slutten av 1980-talet.

– Kvifor kan Mercedes tillate at rivalisering kan kome så langt?

– Mercedes' filosofi er at dei beste skal få køyre sine eigne løp. Det viktige er at ein frå laget vinn. Ferrari har ein annan filosofi, dei samlar seg om ein førar som resten av laget skal hjelpe, seier Gulbrandsen om laget Michael Schumacher køyrde for i sine største sesongar.

Trur ikkje på straff

Atle Gulbrandsen

Atle Gulbrandsen trur ikkje episoden i Belgia får vidtrekkande konsekvensar

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kollisjonen i den andre runden av løpet i Belgia førte til at Hamilton punkterte og seinare måtte trekke seg frå løpet. Rosberg vart nummer to og auka leiinga i VM-samandraget.

Han trur ikkje at episoden søndag får konsekvensar i form av straff.

– Det blir nok eit oppvaskmøte i Mercedes, og Rosberg kan kanskje få ein reprimande. Men ut over det vil det neppe skje noko. Og formel 1-leiinga vil heller ikkje gjere noko, trur eg. Episoden isolert var liten, og hadde det ikkje vore for at det var to lagkameratar som var blanda inn, hadde det ikkje blitt noko stor sak.

Hamilton og Rosberg har kontrakt med Mercedes ut neste sesong. Gulbrandsen har inga meining om kva som skjer neste år.

– Det mest spennande blir kva som skjer i neste løp. For intensiteten mellom dei to er stor, og spesielt Hamilton er sint, seier Gulbrandsen.

– Ignorerer ordrane uansett

The Telegraphs kommentator Daniel Johnson meiner rivaliseringa søndag passerte «the point of no return».

Lewis Hamilton

Lewis Hamilton var sint etter at han måtte bryte løpet søndag

Foto: BEN STANSALL / Afp

– Om Mercedes endrar taktikk og vil ha strengar stallordrar frå neste løp, kjem til å bety lite. Rosberg vil ignorere dei uansett, fordi han nærmar seg VM-tittelen. Og Hamilton vil vere minst like bestemt på å køyre sitt eige løp, skriv Johnson.

Han meiner dagens lagleiar i Mercedes, Toto Wolff, ikkje har den autoriteten som må til for å rydde opp i konflikten. Derfor kjem Rosberg og Hamilton til å halde fram med å kjempe mot kvarandre heilt på grensa, meiner kommentatoren.

Likevel er det nettopp det Mercedes kjem til å gjere. Wolff seier no at Mercedes kjem til å gi fleire og tydelegare stallordrar for å hindre at slike episodar gjentar seg.

– Det er mykje som står på spel, og om vi ikkje handterer dette skikkeleg, kan vi miste alt, seier Wolff.

Rosberg beklagar

Nico Rosberg sa måndag morgon at han beklagar kollisjonen med sin stallkamerat Lewis Hamilton i formel 1-løpet i Belgia søndag, men vil ikkje be om orsaking. Det er dermed nærmast krig mellom dei to lagkameratane i Mercedes. Rivaliseringa har vore tydeleg i heile år, og toppa seg i løpet i Spa.

Hamilton hevdar Rosberg kolliderte med vilje, og at tyskaren skal ha sagt det til han etterpå.

Å framprovosere ein kollisjon med vilje er eit tungt regelbrot i formel 1.

– Eg beklagar at Lewis og eg kolliderte, men eg ser på det som eit uhell, akkurat som funksjonærane gjorde, skriv Nico Rosberg på Facebook .

– Vi hadde sjansen til å vinne. Men uhellet hindra oss begge i det, skriv Rosberg, som måtte sjå Daniel Riccardo frå Red Bull stikke av med sigeren.

– Duellane våre er alltid på grensa. Denne gongen var eg raskare nedover strekket, og gjekk på utsida fordi innsida var blokkert. Etter at vi kom borti kvarandre, såg eg at eg hadde ein skade, og trudde løpet var køyrt. Eg såg også at Lewis hadde problem, og det var øydeleggande for laget.

Buing frå publikum

– Vi sette oss ned og snakka om det rett etter løpet, og vi må snakke meir om det for å unngå liknande hendingar seinare, skriv Rosberg.

I kommentarfeltet er meiningane blanda, men mange kallar han ein juksemakar. Under premieutdelinga etter løpet måtte han tole buing frå publikum.

Det er leiinga i formel 1-sirkuset som vurderer straff i ettertid, etter episoden der dei to stallkameratane kolliderte under løpet i belgiske Spa søndag.

– Han gjorde det med vilje, sa Hamilton. Det har også Mercedes-leiinga langt på veg gitt briten rett i, og også formel 1-leiinga har festa såpass lit til Hamiltons forklaring at dei vil granske hendinga nærmare.

– Veit ikkje om eg kan lite på Nico

– Han vedgjekk etterpå at han gjorde det for å understreke eit poeng, sa Hamilton etter eit møte med Rosberg og Mercedes-leiinga.

Hamilton seier no at han ikkje lenger veit om han kan lite på lagkameraten.

– Når du er utpå der, er du nøydd til å lite på at alle brukar hovudet til å tenkje med, og ikkje gjer slikt med vilje. No veit eg ikkje korleis eg skal angripe det neste løpet, seier Hamilton.

Mercedes-basen Toto Wolff har tidlegare sagt at rivaliseringa kjem til å halde seg innanfor siviliserte grenser. – Dei får køyre som dei vil så lenge dei ikkje kolliderer, har han sagt tidlegare.

Rosberg sjølv kallar kollisjonen beklageleg, men «eg ser på det som eit hendeleg uhell i løpet».

Dei to har hatt ei fri rolle i laget, men det kan det bli slutt på etter hendinga i Belgia.

– Ja, dessverre, svara Mercedes-sjef Toto Wolff på spørsmålet om laget no må forandre taktikk.

Rivalar i heile år

Nico Rosberg og Lewis Hamilton i Bahrain

Første konfrontasjonen i år: Lewis Hamilton vann framfor Nico Rosberg i Bahrain i april - etter ei kontroversiell forbikøyring

Foto: MARWAN NAAMANI / Afp

Hendinga i Belgia var det som toppa ei rivalisering som har vart lenge.

I år har rivaliseringa mellom dei to barndomskameratane kome til overflata fleire gonger:

I Bahrain i april vann Hamilton. Etterpå sa Rosberg at Hamiltons passering i 18. runde var over streken. «Nokon må fortelje Lewis at den passeringa var NOT ON», sa Rosberg på internradioen. « La oss konsentrere oss om å få begge bilane i mål», var svaret frå lagleiinga.

I Spania i mai tok dei det eit knepp opp. Der vann Hamilton for fjerde gong på rad, og gjekk opp i leiinga samanlagt. Då sa Hamilton at han måtte finne ein måte å bryte ned lagkameratens mentale styrke.

Rosberg var irritert: «Bryte meg ned mentalt? Han skal få kjempe for det».

– Kan telje venene mine på ei hand, og Nico er ikkje der

I Monaco seinare i mai køyrde Rosberg den raskaste runden i kvalifiseringa, men måtte like etter stanse i ein sving. Dermed måtte alle andre som var ute på banen, slakke ned av tryggingsgrunnar. Hamilton var ein av dei, og mista sjansen til å slå Rosberg og ta pole position. Det gjorde Hamilton rasande.

– Folk snakkar om vener. Eg kan telje mine på ei hand, og Nico er ikkje på mine fem fingrar, sa Hamilton.

Tre dagar seinare prøvde han å rette det opp:« Vi har vore vener i lang tid, og som vener har vi våre ups and downs», sa Hamilton.

Men i august var dei ikkje vener lenger. Hamilton nekta å følgje stallordren om å sleppe Rosberg forbi. Rosberg var rasande. – Eg slakkar ikkje av for Nico. Dersom han kjem nær nok, kan han køyre forbi, sa Hamilton på radioen. Etterpå var han «svært sjokkert» over beskjeden.

Neste løp går i Monza i Italia om mindre enn to veker.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal