30 kilometeren i Nove Mesto blei ikkje avgjort av norske Dyrhaug. I sigerskampen var det ein svenske med namn Johan Olsson som viste klasse i kamp med verdscupleiar Dario Cologna.
Men Dyrhaug imponerte uansett, og kjempa seg inn til ein 6. plass. Aldri før har han levert betre i verdscupen.
Uhell på uhell
Men etter det har nedturane komme på rekke og rad.
Først blei han allergisjuk under verdscuprennene i Otepää, og det gjorde at han mista klassiskrennet. Han blei heller ikkje frisk nok til å stille opp i NM-dagane på Voss.
Laurdag var 24-åringen tilbake for fullt, og viser no at han garantert er ein del av det norske landslaget kommande sesong.
Denne sesongen er han på rekruttlandslaget.
Slik knuste Olsson giganten Cologna
Verdscupleiaren, sveitsiske Dario Cologna, har vore i ein klasse for seg sjølv dei siste månadene. Men i Nove Mesto måtte han til slutt sjå seg slått.
For Johan Olsson tok tak like før slutten på 30 kilometeren i Nove Mesto. I duell med Cologna fekk han den naudsynte luka som gav sveitsaren grunn til å stresse.
Sveitsaren har dominert verdscupen dei siste månadene, men for første gang på lenge viste han svakheitsteikn mot slutten.
Avstanden frå Olsson til Cologna heldt heilt til mål, og svensken kunne juble for sin andre verdscupsiger denne sesongen.
Knappe 1,5 sekund bak kom Cologna. Dyrhaug var 18,2 sekund etter vinnaren Olsson.
VIDEO: Sjå svenske Olsson ta luven av Dario Cologna
Anonym Northug etter medieoppstyr
Inn til ein anonym 14. plass kom verdscuptoar Petter Northug.
Northug har tidlegare uttala at Vasaloppet i mars er det store målet i sesongavslutninga.