29 år etter at Kjetil Jansrud såg dagslys for aller første gang sikra han si første krystallkule i alpintsirkuset.
Best av alt: Samanlagtsigeren super-G-cupen blei sikra med triumf på heimebane i Kvitfjell søndag.
Laurdag ramla han på resultatlista under utforrennet i samme bakke. Med godt resultat kunne han sikre totalsiger i utforcupen, men feila.
– Det var ekstra tungt i går. Eg køyrer framfor heimefansen her. Dei forventar ikkje at eg skal vinne, men dei ønskar å sjå at det skjer. Derfor var det ekstra moro å levere i dag, seier Jansrud.
– Eg har jo eit ønske om at Kvitfjell skal vere min bakke. I dag var den det, legg nordmannen til.
Kopierte Lund Svindal - tangerte Aamodt
For fjerde gang på rad gjekk samanlagtsigeren i super-G-cupen til ein nordmann. Dei tre siste sesongane har Aksel Lund Svindal kjempa til seg kula.
Søndag kopierte Jansrud lagkameraten med sin tredje super-G-siger denne sesongen.
Alpintstjerna vann også sitt tredje super-G-renn på heimebane i Kvitfjell.
– Eg skal kose meg med dette. Det er heilt nydeleg, seier Jansrud.
– No har eg også like mange verdscupsigrar som han her, seier Jansrud og henvender seg til alpintlegenda Kjetil André Aamodt.
Jansrud har seks verdscuptriumfar denne sesongen. Det same klarte Aamodt i 1992/93-sesongen.
Då Jansrud opplyste om dette kontra Aamodt med meir interessant fakta:
Jansrud har vunne fire av dei åtte siste Kvitfjell-renna han har deltatt i.
– I alpintsamanheng er det heilt vanvittig, seier Aamodt.
Det var i Kvitfjell 29-åringen tok sin første verdscupsiger. Den kom i 2012.
Kan bli frårøva utfor-kula
No gjenstår det bare å sikre samanlagtsiger i utforcupen. Der leier han med fattige 20 poeng på austerrikske Hannes Reichelt, som køyrte ut i super-G-rennet søndag.
Reichelt vann Kvitfjell-utforen laurdag og viste at han er i storform før det heile skal avgjerast.
Sesongfinalen går i franske Méribel om to veker.
Dei ti siste vinnarane av super-G-cupen:
2015: Kjetil Jansrud, Norge
2014: Aksel Lund Svindal, Norge
2013: Aksel Lund Svindal, Norge
2012: Aksel Lund Svindal, Norge
2011: Didier Cuche, Sveits
2010: Erik Guay, Canada
2009: Aksel Lund Svindal, Norge
2008: Hannes Reichelt, Østerrike
2007: Bode Miller, USA
2006: Aksel Lund Svindal, Norge
2005: Bode Miller, USA