– Går det an å drikke av den?, spør Bardal lagkameratane.
Nordmannen rørte ein heil hoppnasjon då han sikra verdscupkula som symboliserer at han er verdas beste hoppar denne sesongen.
– Eg er veldig rørt, eg gret nesten da eg så Bardal. Dette er veldig spesielt for meg, sa landslagstrenar Alexander Stöckl til NRK etter rennet.
Hilde: – Frå lagkompis til idol
Da den aller siste konkurransen var over i Planica, ventet middag, taler og hyllest frå lagkompisene for Bardal.
– Han er ein stor mann. Bardal har gått frå å vere ein lagkompis til eit idol og ein helt, seier landslagshoppar Tom Hilde.
– Det er ein stor prestasjon å vinne samanlagt, legg Rune Velta til.
Bardal: – Ville ikkje klart å sove om eg visste at det blei slik
Sjølv var Bardal i himmelen etter karrierens største triumf.
– Hadde eg visst at det skulle bli slik som dette, ville eg nok ikkje klart å sove i natt, smiler Bardal.
Og slik oppsummerte hopphelten sesongen i festtalen under landslagets middag:
– Det har vore veldig mykje spenning den siste tida. Difor er det veldig godt at alt er over no, og eg kan ha den fine kula som står framfor meg. Takk for at de er her. La oss kose oss i kveld.