– Ser ein på laget som startar i dag er dette eit svært ungt lag, som manglar rutine. Vi har valgt å matche oss tøft. Kampen i dag gir oss mykje god læring som vi tar med oss vidare, seier landslagssjef Per-Mathias Høgmo etter 2-0-tapet for Italia på Ullevaal stadion.
Norge hadde ikkje ein einaste avslutning på mål i løpet av kampen.
I staden kom Høgmos menn under 0-1 for 11. gang på 12 landskampar sidan Høgmo starta karrieren som landslagssjef.
Norge var relativt friske framover i første omgang. I andre omgang bleikna spelet totalt.
– Eg tenker at vi møter eit svært godt lag. Ser vi Italia i VM slepp dei nesten ikkje til målsjansar, og det er mot topp internasjonal motstand. Vi kunne ikkje møtt meir utfordrande motstand enn det vi gjorde i dag, seier Høgmo på spørsmål om kva han synst om den offensive innsatsen i andre omgang.
Men sjølv om Høgmo kallar tapet for god læring var laget skuffa over å ha tapt for Italia.
– Eg er skuffa over at vi ikkje klarar å halde nullen. Dei er utruleg bra defensivt. Det manglar bare den siste pasningen. Vi er jævlig skuffa, seier landslagskaptein Per Ciljan Skjelbred til TV Norge.
– Kvaliteten i siste fase er ikkje god nok
Italia kunne like greit ha vunne 4-0. Klasseforskjellen var stor på Ullevaal-matta.
Etter 1-0-tap for England i førre veke og 2-0-tap for Italia i EM-kvalifiseringa er ikkje Høgmo skremd over avstanden til dei største laga i verda.
– Vi veit at det er avstand opp til Italia. Det er eitt av verdas beste lag. I første omgang skaper vi ikkje mange målsjansar, men det er ein del nesten-situasjonar. Det er fordi at kvaliteten i siste fase ikkje er god nok. Der har vi mykje å gå på. Det skremmer meg ikkje, men det er ei utfordring at vi må bli dyktigare når vi møter denne typen lag.
– Det seier noko om at desse spelarane treng å øve seg mykje i klubbane sine for å komme på eit høgare nivå. Så får vi også ta steg på landslaget. I dag såg vi kor lista låg, så får vi la oss motivere av det, seier Høgmo.
Andre kamp i «ny» formasjon
Prosjekt Høgmo starta med 4-4-2 og ein visjon om ein ny, offensiv strategi.
Tysdag starta Høgmo med 4-5-1 i andre kamp på rad.
– Vi har jobba mykje med 4-4-2. Den ligg der til å kunne tas fram når vi skal gjøre det.
– I dag går vi ut høgt for å legge press på Italia i 4-5-1. Vi må gjennom den prosessen. Mot eitt av verdas beste lag er det god læring i det. Vi prøver å opne opp, og blir straffa. Til slutt kjem vi til å få igjen for all den jobbinga vi har lagt ned i formasjonsarbeid, seier Høgmo.