Det låg på ingen måte an til at Norge skulle score i «bøtter og spann» framfor eit fullsett Ullevaal stadion i EM-kvalifiseringa.
Per-Mathias Høgmos startellevar hadde totalt 137 kampar med flagget på brystet. Til saman hadde desse elleve scora seks mål for Norge.
Score gjorde dei heller ikkje denne gangen, men anført av ein frisk Joshua King på topp opna dei unge, norske spelarane med ei offensiv haldning som varma Ullevaal-publikummet.
Bråstopp etter 16 minutt
Typisk nok for Per-Mathias Høgmos menn varma ikkje spelet alt for lenge. Kvarteret etter avspark sette 23 år gamle Simone Zaza frå Serie A-klubben Sassuolo inn 1-0.
Med det kom Norge under 0-1 for 11. gang på 12 landskampar sidan Høgmo starta karrieren som landslagssjef.
Igjen kom smellen tidleg. For sjuande gang skjedde det før det var spelt 16 minutt, og for niande gang før halvtimen var spelt.
- Slovenia (b): 13. minutt
- Island (h): 12. minutt
- Danmark (b): 14. minutt
- Skottland (h): 61. minutt
- Moldova (n): 29. minutt
- Polen (n): 21. minutt
- Tsjekkia (b): 11. minutt
- Frankrike (b): 15. minutt
- Russland (h): 3. minutt
- Forente arabiske emirater (h): Holdt nullen
- England (b): 68. minutt
- Italia (h): 16. minutt.
Null stress for svekka Italia
Italia mangla store stjerner som Andrea Pirlo, Giorgio Chiellini, Riccardo Montolivo og Claudio Marchisio, men hadde uansett få problem med å slå Norge.
Etter timen spelt stod det 2-0. Leonardo Bonucci fekk stå mutters aleine på bakre stolpe etter corner. Juventus-forsvarareb gjorde som ein 190 centimeter høg stopparbauta skal gjøre i motstandarens felt: Heade ballen enkelt i mål.
Tjærnås oppgitt over tamt Norge
I angrep viste Norge i det minste at dei er i stand til å trille ball mot eitt av dei ti beste laga i verda. Men kvar gang dei nærma seg Italias sekstenmeter sa det stopp.
Innlegga som kom frå kant fann aldri ein mann. Mykje fordi det stort sett bare var ein mann i feltet: Joshua King.
Etter fleire innlegg til ingen nytte fekk TV Norges ekspertkommentator nok.
– Vi får så mange sjansar til å slå innlegg. Når vi får dei sjansane må minst ein indreløpar på motsett kant bli med inn i feltet. Elles kan vi slå innlegg til fredag ettermiddag utan å score mål, sa Lars Tjærnås.
Italia leika seg til tider mot slutten. Det kunne raskt stått 3-0 og 4-0.
Med tapet legg Norge seg sist i EM-kvalifiseringsgruppa etter første runde.
– Når skal vi få sjå det prosjektet Per-Mathias Høgmo ønskar at vi skal få sjå?
– Det er mykje bra i laget, men det blir bare nesten. Det er den siste ballen og det siste innlegget som manglar, svarar kaptein Per Ciljan Skjelbred til TV Norge.
Neste motstandar er Malta - på Malta - 10. oktober.