– Dette er det kulaste eg har vore med på. det er magisk, stråla 19-åringen frå Skjetten til SVT etter sin første meisterskapsmedalje.
Med tida 14.23,60 sette Christiansen norsk og nordisk rekord igjen. I løpet av meisterskapet har han senka rekorden med 14 sekund.
– Eg trur dette er starten på noko stort, både for meg og for for norsk symjing. Vi har mange unge på gang, og dette er starten på ein ny generasjon, sa Christiansen. Han var rørt etter målgangen.
Christiansen var nokre få hundredeler unna bronse også på 400 m for nokre dagar sidan. I dag var det ingen tvil.
– Gregorio Paltrinieri kunne eg ikkje gjere noko med, men han andre italienaren (Gabriele Detti) prøvde eg å henge på. Men eg greidde det ikkje på slutten, sa nordmannen.
Video: Ein rørt og jublande glad Henrik Christiansen blir intervjua av SVT:
Han opna forsiktig, men før halvveges var han på sølvplass, ein plass han heldt til 1000 m var passert. Så seig Detti unna.
Paltrinieri sette verdsrekord med 14.08,06.
Men opplevinga var uansett enorm for den norske bronsevinnaren. – Vi brukar tallause timar på trening, og det er ufatteleg herleg å få det til. Dette er den deiligaste følelsen i verda, jubla han.
– Eg prøvde å halde hovudet kaldt og køyre mitt eige løp, og det klarte eg, seier bronsevinnaren.