– Eg var litt skuffa etter nedturen på 100 meter. I dag måtte eg bare forsøke å komme til finalen. No er jobben gjort, seier ein smilande Jays.
Ndure kvalifiserte seg med andreplassen direkte til finalen. Mot slutten av løpet dro han ifrå Rondel Sorrillo og Bruno de Barros, som også kom til finale på tid.
Det gjekk med andre ord veldig fort i Jays heat som var venta å bli knalltøft på førehand.
– Eg visste eg hadde kontroll på slutten, så eg såg ikkje noko på dei andre, seier Jays.
– Var du sjølvsikker og hadde trua heile tida?
– Ja, ja, ja. He-he. Heatet var ikkje veldig tøft, seier Jays.
Gratulér Jays nedst i saka!
- SJÅ VIDEO: Jays jublar for finale!
Vukicevic: – Ein utruleg prestasjon
Jays hang greit på bak Usain Bolt som kom først til mål.
– Det vil vere heilt rått om han tek seg til finalen. Det er sprint, og det har vel bare skjedd ein gong tidlegare at nokon frå Norge i finalen. Eg trur Jays kjem dit, sa ei spent Vukicevic før 200 meteren.
Jamaicanske Bolt, som er regjerande OL- og verdesmeisterr på distansen, sprang på 20,31 sekunder.
Ndure fekk 20,50. Dei to beste i kvar av dei tre semifinalane samt dei to beste tidene ut over det, fekk finalebillett.
Ndure hadde nest best personleg rekord i sitt semifinaleheat med 19,89. Kun verdsrekordhaldar Bolt (19,19) hadde bedre å vise til fra før.
SJÅ FINALEN DIREKTE LAURDAG KL: 14:20.
– Endeleg!
No spørst det om han kan tangere Geir Moens 5. plass frå VM-finalen i Göteborg i 1995.
– Det er veldig stort å komme til finalen. Eg har prøvd på dette i mange år. No er eg endeleg skadefri, og klarte det. Men det er ikkje moro heilt endå, vi får vente til i morgon og sjå, seier Jays.
Dette er finaleheatet på 200 meter:
- Christophe Lemaitre, Frankrike
- Nickel Ashmeade, Jamaica
- Usain Bolt, Jamaica
- Jaysuma Saidy Ndure, Norge
- Walter Dix, USA
- Alonso Edward, Panama
- Bruno de Barros, Brasil
- Rondel Sorrillo, Trinidad & Tobago