Leiinga i den franske ligaen krev at dei må flytte kontora sine ut av det vesle fyrstedømmet og over grensa til Frankrike, slik at Monaco skal betale skatt på linje med klubbane i dei andre klubbane i fransk liga.
Fyrstedømmet Monaco er kjent som eit skatteparadis, og det kjem også fotballspelarane i klubben til gode. Det er det den franske ligaen – og også dei franske skattestyresmaktene – vil ha ein slutt på. Skattenivået i Frankrike er betydeleg høgare.
Klubben får frist til juni neste år med å gjennomføre flyttinga. Elles blir dei kasta ut av ligaen.
Suksessrik historie
AS Monaco FC vart invitert til spel i den franske ligaen i 1933, ni år etter at spelar no i Ligue 2, men har ei lang og suksessrik historie i fransk fotball. Sju gonger har dei blitt ligameister, siste i 2000, og dei har fem cupmeisterskap, sist i 1991. I 2004 tapte dei meisterligafinalen mot Porto. John Arne Riise og Thorstein Helstad er har spelt for klubben.
Dei leier Ligue 2 og er dermed på veg mot opprykk til øvste nivå i fransk fotball igjen.
Ifølgje klubben sjølv har det franske fotballforbundet og ligaen varsla eit krav på 200 millionar euro – over 1,5 milliardar kroner – for å få lov å bli i fyrstedømmet ved Middelhavskysten. Kravet vart lagt fram sist fredag.
– Det kravet er heilt urimeleg og sjølvsagt uakseptabelt for oss, seier Monaco FC i ei pressemelding.
Fotballforbundet stadfestar møtet på fredag, men nektar for at dei krev 200 millionar euro.
- Det var Monaco sjølv som nemnde den summen under møtet, heiter det i ein kommentar frå forbundet.
Parrtane skal møtast igjen etter pinsehelga.