– Heilt suverent. Det har aldri vore så bra her på Lerkendal til dette tidspunktet, seier Rosenborgs banesjef, Anders Øien.
Han har sørga for grønt gras på ein av Norges største fotballstadionar dei siste ti åra, og har aldri vore så klar for å starte serien som i år.
Sundag trår 22 mann frå Rosenborg og Brann ut på Lerkendal. Då kan dei sklitakle og herje så mykje dei vil. Skjørt underlag er nemleg ikkje Øiens bekymring.
– Vi har jo ikkje fått så mykje hjelp frå naturen som dei har fått på arenaer lenger sør i Norge, men den er stort sett grøn og fin over alt, seier mannen som er ansvarleg for eliteseriens nordlegaste naturgrasbane.
Saka held fram...
– Kulda har vore eit problem dei siste to åra
Banesjefen er ikkje aleine om å stusse plenen med fryd framfor sesongstart. Over heile landet gliser eliteseriegartnarane frå øyre til øyre etter ein sjeldan varm vinter.
– Det har ikkje sett så flott ut her på fleire år. Banen er tett og fin, utan sår i matta. Det å få graset klart til seriestart har vore eit problem dei to siste åra, seier Kåre Steinsnes, banesjef på Haugesund stadion.
Kulda har ikkje slept taket like tidleg framfor dei siste sesongane. Det har bydd på problem for dei som jobbar for ei grøn matte til første avspark i eliteserien. I år har banesjefane hatt ein lettare kvardag.
– Vi har jo knapt hatt frost i vinter. Det milde vêret har hatt mykje å seie for korleis grasmattene ser ut no.
Saka held fram....
Senka skuldre på Brann stadion
Steinsnes må riktig nok vente to veker på at første heimekamp skal spelast i Haugesund.
Det same må banesjefen på Brann stadion. Men sjeldan har dei vore meir klare for avspark i eliteserien.
– Det nye graset har aldri vore så fint før eliteseriestart, seier Svein Kjenes på Brann stadion.
Dette er den første eliteserierunden:
Fredag 23.03:
Molde - Strømsgodset - Slik blir vêret på Molde stadion.
Laurdag 24.03:
Hønefoss - Lillestrøm - Slik blir vêret på AKA Arena.
Sundag 25.03:
Odd Grenland - Sogndal - Slik blir vêret på Skagerak Arena.
Stabæk - Aalesund - Slik blir vêret på Nadderud.
Tromsø - Fredrikstad - Slilk blir vêret på Alfheim.
Vålerenga - Haugesund - Sjekk vêret på Ullevaal her.
Rosenborg - Brann - Slik blir vêret på Lerkendal.
Måndag 26.03:
Sandnes Ulf - Viking - Slik blir vêret på Standnes stadion.