– Nei, har du sett på maken. Eg får vondt når eg ser dette, seier Nils S. Egelien, visepresident i Norges Gardistforbund.
Han reagerer med avsky når han får sjå bileta av dei norske flagga som blei liggjande på betongen mellom diverse søppel etter privatlandskampen mellom Norge og Kroatia på Ullevaal stadion laurdag.
Før avspark hadde Norges Fotballforbund sett ut små norske flagg til publikum. På denne måten kunne folket på tribunen ta del i og sprite opp rammene rundt arrangementet.
Men ikkje alle klarte å vise tilstrekkeleg med respekt for Norges fremste nasjonale symbol, meiner Egelien.
– Dette er tilgrising og forsøpling av flagget vårt. Eg blir så sint at eg får lyst til å gå ut og skyte i lufta, seier han, og siktar til dei mange flagga som låg rundt på nasjonalarenaen like etter at publikum hadde reist frå arenaen.
– Bør gje klarare beskjed til publikum
No rettar gardistforbundets visepresident ein peikefing mot arrangøren i Norges Fotballforbund, som han meiner burde sett til at folk var meir klare over at flagget ikkje skulle på bakken etter kampslutt.
– Det er ein god tanke, og det er også koseleg at folk brukar flagget på idrettsarrangement. Men det nyttar ikkje å dele ut desse når det endar slik. Dei som deler ut flagga burde hatt eit spark bak, seier Egelien, og held fram:
– Når arrangøren seier «A», må dei også seie «B». Dei bør gje klarare beskjed til publikum om at flagget skal brukast skikkeleg. Elles er alternativet å ikkje dele ut flagg i det heile, legg han til.
NFF: – Flagga ligg ikkje til sjenanse
Informasjonssjef Svein Graff i Norges Fotballforbund stiller seg uforståande til kritikken.
– Desse flagga veg minimalt, og nokre av dei har nok blåst frå tribunesetene det ikkje var folk på. Vi ryddar fortløpande etter kamp. Oppgjeret laurdag var ferdig klokka ni, og det var ikkje noko arrangement her søndag. I går og i dag jobba ei rekke menneske på dugnad for å få det ryddig og fint her, seier Graff til NRK.no
– I tillegg er jo dette eit arrangement på ein lukka stadion, og flagga ligg ikkje til sjenanse for nokon, noko dei ville gjort om dei låg utanfor arenaen og langs vegane, legg han til.
Les meir under biletet.
– Umogleg å unngå
14 208 tilskodarar tok turen til Ullevaal stadion for å sjå Norge spele 1–1 mot Kroatia.
Graff meiner det er umogleg å forhindre at flagg ikkje blir liggjande på bakken.
– Vi gjør jo dette fordi vi er stolt av det norske flagget. Det gjev ei god ramme rundt landskampane, og vi er veldig nøgd med tiltaket. Difor har NFF også etablert prosjektet «Alt for Norge» - der nettopp stoltheiten og respekten for Norge som nasjon står i fokus.
– Eg ser ikkje heilt korleis vi kunne gjort det annleis. Vi har ein klar plan for opprydding, og må tåle at det ligg nokre flagg rundt omkring inne på stadion etter kampane, seier Graff.
Etterlyser reglement
Egelien fortel at det ikkje er første gangen han ser flagg ligge på bakken etter nasjonale arrangement.
Sjølv har han laga eit hefte om «Skikk og bruk for bruken av Det Norske Flagg» på oppdrag frå Hæren. Men enno finst det ikkje eit klart reglement for riktig bruk av nasjonalsymbolet, påpeiker visepresidenten.
No krev han at myndigheitene tar grep, og får på plass eit regelverk.
– Utanriksdepartementet eller Forsvarsdepartementet bør kunne svare for seg her. Det er alt for mye galskap når det kjem til bruken av det norske flagget i dag, seier Egelien.