Årets eldsjel er eitt av dei mest prestisjetunge trofea som årleg blir delt ut under Idrettsgallaen på nyåret.
Prisen er delt ut kvart år sidan 2005. Vanlegvis har prisen gått til ein person som har gjort ein stor frivillig innsats gjennom eit langt liv, og alle privinnarane hitil har vore over 50 år.
Men ikkje denne vinteren. På Idrettsgallaen 9. januar vil prisen gå til ei ung eldsjel, under 26 år gammal.
Ungdoms-OL på Lillehammer i februar gjer 2016 til eit ungdommens år i idretten. Derfor er det bestemt at eldsjela dette året skal vere under 26 år – som ein heider til alle unge og frivillige i små og store idrettslag i Norge.
Du kan nominere din kandidat frå i dag og fram til 28. oktober.
Sentrale roller i fakkelstafetten
I tillegg til det skal ein nominert frå kvart fylke få ein sentral plass både i den landsomfattande fakkelstafetten før ungdoms-OL og under opningsseremonien på Lillehammer fredag 12. februar.
Ungdoms-OL er for idrettsutøvarar frå 15 til 18 år. Men det er også veldig mykje meir, og ungdomen skal stå sentralt i alle deler av og rundt det enorme arrangementet.
– Eit ungdomsstempel
Totalt trengst 3000 frivillige for å få Ungdoms-OL i hamn.
– Det er derfor også kåringa av årets eldsjel skal ha eit ungdomsstempel dette året, seier Karl Filip Singdahlsen, informasjonsrådgivar i Norges Idrettsforbund.
Idrettsgallaen 2016 går av stabelen 9. januar, direkte på NRK1. Det er også starten på fakkelturneen der alle dei nominerte eldsjelene skal vere med.
Kjetil Andre Aamodt er leiar av årets eldsjel-jury. Juryens avgjerd tel 60 prosent når årets eldsjel skal kårast. 40 prosent blir avgjort av folkerøystinga som skal haldast på nrk.no i desember og januar.