Hopp til innhold

Kortare kampar og fleire poeng ga bryting OL-status igjen

Bryting skal ha plass på OL-programmet
også i 2020 og 2024 etter å ha vunne avrøystinga mot squash og baseball/softball.

Jon Rønningen

Stolt norsk stund i brytesporten: Jon Rønningen kastar japanske Atsu Ji Miyahara rundt og tar OL-gull i Seoul i 1988

Foto: Gjellesvik, Inge / SCANPIX

– Dette er ein gledas dag. Vi sat og følgde avrøystinga direkte, sa brytepresident Tom Holmen til NRK.no rett etter at vedtaket i IOC var fatta.

– Eg er letta og glad, seier den aktive brytaren Stig André Berge.

Det vekte sterke reaksjonar då bryting i februar vart kasta ut av OL av styret i IOC. Men brytesporten tok det som ei utfordring, kasta seg rundt og fekk pussa opp idretten sin.

Det hjelpte, for i avrøystinga i dag var brytesporten suveren. 49 av dei 95 delegatane røysta for at brytesporten skulle få plass på OL-programmet. Konkurrentane squash og baseball/softball fekk 24 og 22 røyster.

I prosessen har land med sterke brytetradisjonar kjempa hardt for OL-plassen. Mellom anna har dei tradisjonelle politiske fiendane USA og Iran gått saman i kampen for å få bryting inn i OL igjen.

– Drastiske endringar

President i Norges Bryteforbund, Tom Holmen

Glad president: Tom Holmen, Norges Bryteforbund

Foto: pressebilde / Norges Bryteforbund

– Kva har brytesporten gjort i desse seks-sju månadene?

– Vi har gjort drastiske endringar i organiseringa og gjort bryting meir demokratisk, mellom anna ved å involvere dei aktive mykje meir, vi har i større gard fått med jentene, og vi har endra reglane slik at sporten blir meir attraktiv, seier Holmen.

Han meiner også at IOC sende ut signal om at det var feil å sette bryting ut av OL-programmet. Bryting er ein av dei få idrettane på OL-programmet som også var del av dei antikke olympiske leikane.

– Men ingen røyk utan eld. Vi tok det uansett som ei åtvaring, vi har reist oss som organisasjon, og det er veldig bra, seier Holmen.

Stig André Berge meiner at det er på høg tid med endringar.

– Det betyr enormt mykje både for Noreg og verda at bryting er inne i OL-programmet. Det hadde hatt store negative konsekvensar om det hadde blitt fjerna, og kunne kanskje til og med betydd slutten for idretten over tid, seier Berge til NRK.

Offensiv bryting og kortare kampar

– Kva konkret har de gjort som vil vere merkbart for publikum?

– Vi skal premiere offensiv bryting mykje meir enn før, det blir delt ut dobbelt så mange poeng, og kampane blir kortare. Det skal bli lettare for ikkje-brytekunnige å følgje kampane. Vi har prøvd dette i ein del stemne, og fått kjemperespons tilbake.

– Kva hadde skjedd med brytesporten om de ikkje hadde blitt tatt inn igjen i OL no?

– Det er vere eller ikkje vere. Vi hadde nok eksistert på eit vis utan OL også, men å satse på det nivået vi gjer i dag utan eit OL som mål og utan den same interessa frå media og sponsorar, hadde blitt noko heilt anna, seier Holmen.

Stig André Berge meiner prosessen har vore sunn for brytesporten.

– Mange regelendringar er gjennomført allereie, og fleire er på veg. Sporten har endra seg vesentleg og blitt lettare å forstå for "mannen i gata". No er det brytaren som er i fokus, tidlegare var det ofte dommarane. Dei har fått mindre makt, og det hjelper.

– Med desse reglane vinn den beste brytaren, ikkje den som berre er best på å forsvare seg, slik vi såg i OL i London, seier Berge.

– Presidentskifte vesentleg

Den tidlegare presidenten i det internasjonale bryteforbundet gjekk av i kjølvatnet av IOC-vedtaket i februar. Inn kom serbiske Nenad Lalovic.

– IOC-president Jacques Rogge har gått så langt som å seie at det var ein vesentleg faktor, seier Holmen.

– Den tidlegare leiinga lytta ikkje, og gjorde ikkje noko for å reformere brytinga, og fekk fleire åtvaringar. Den nye presidenten Nenad Lalovic var mykje meir dynamisk, og det er han som har fått innført alle regelendringane.

Vi er ikkje i mål med endringane, men vi er godt i gang. Derfor er det ein dobbelt gledens dag – vi har fått ein betre idrett og organisasjon, og vi er framleis med i OL, seier Tom Holmen.

– Vi har gjort feil, men vi har vedgått det og teke konsekvensane, sa Lalovic då dei presenterte den nye organiseringa før avrøystinga.

– For mi eiga karriere har det kanskje ikkje den største betydning. Men for hjartet mitt til sporten betyr det mykje, seier Stig André Berge.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal