Det har no gått 377 minutt sidan Brann sist klarte å scora på Alfheim. Det skjedde heilt tilbake i 2010, då raudtrøyene vann 3–0 etter scoringar av Eirik Bakke, Diego Gustavino og Petter Vaagan Moen.
Brann har tapt dei fire siste bortekampane mot Tromsø, og står med ein målskilnad på 0–9 i Tromsøs favør.
– Det var viktige tre poeng og godt å halde nullen, seier Tromsø-trenar Bård Flovik.
Det avgjerande målet kom allereie etter sju minutt, då Sofien Moussa sneik seg inn bak ryggen til Brann-forsvarar (og tidlegare Tromsø-spelar) Ruben Kristiansen. Han fekk ein lang fot på ballen og sette inn 1–0 scoringa bak ein sjanselaus Piotr Leciejewski.
Moussa har no scora i tre strake heimekampar for Tromsø.
Tamt Brann-angrep
Nærast scoring for Brann kom etter at innbytar Azar Karadas vann ein duell i feltet, men Tromsøs-keeper, Gudmund Taksdal Kongshavn var på plass og fekk avverja.
– Eg såg tidleg at eg ikkje kunne nå den i feltet, så eg valde å stå på streken. Eg såg utgangen på den og følte eg hadde god kontroll, seier Tromsøs-keeper til NRK.
– Vi klarte ikkje å bryta gjennom dei og då vi kom under tidleg vart det vanskeleg. Vi skapte ingen sjansar før Azar Karadas kom innpå mot slutte, seier skuffa Brann-trenar, Lars Arne Nilsen.