Hopp til innhold

Vurderar lengre opningstider

No kan det bli endå lettare å bli kvitt søppel, også på laurdagar. Lengre opningstider vurderast no av Avfall Sør for å møte etterspørselen.

Nå kan det bli enda lettere å bli kvitt søppel, også på lørdager. Lengre åpningstider vurderes nå av Avfall Sør for å møte etterspørselen.

Sjå reportasje: Sørlendingar er mest nøgde i landet når det kjem til tilbodet på gjenvinningsstasjonar. No vurderar Avfall Sør å utvide opningstidene grunna etterspørselen.

Fredag var det lange køar og mykje som skulle kastast på søpla i Sørlandsparken.

Mange utnytta den inneklemte fredagen til våropprydning i solskinet.

Eli Brunborg hadde ikkje dårleg samvittigheit for det ho kvitta seg med.

– Overhodet ikkje, det er den beste hobbyen som finst å gå på søpla!

Kva tykkjer du om ordninga?

– Heilt fantastisk! Det er så bra ordning, og god service er det også. Eg er veldig nøgd.

Men Brunborg er ikkje den einaste som er nøgd med tilbodet til Avfall Sør.

– Folk er veldig nøgde med gjenvinningsstasjonane. Vi er på topp i Noreg når det gjeld kor nøgde folk er, seier avdelingsleiar hos Avfall Sør Elisabeth Helle.

No vurderast det lengre opningstider på laurdagar.

– Folk ville gjerne vi skulle hatt ope 24 timar viss vi hadde spurt dei om det, men det er eit kostnadsspørsmål. Det er litt mindre trykk på morgonen, vi har ope frå klokka 07 nokre gonger, og har snakka om å gjere det meir. Men flest vil nok ønskje seg lengre opningstider på laurdagar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %