04.00 Arendal: Ein mann vart sett i arresten etter å ha nekta å følgje politiet sitt pålegg om å slutte å ringe naudnummeret unødig.
03.05 Arendal: Ein mann vart sett i arresten etter å ha forstyrra ro og orden.
02.58 Kristiansand: Ein mann vart vist bort frå sentrum etter å ha forstyrra ro og orden.
02.51 Arendal: Politiet fekk melding om knuffing i ein drosjekø. Ifølgje politiloggen var det roleg på staden då politiet dukka opp.
02.46 Grimstad: Ein mann ville ikkje betale for drosjeturen. – Politiet har mekla og partane ordna opp seg imellom, opplyser politiet.
02.05 Grimstad: Ei kvinne fekk besøk av ein ukjent rusa mann. Mannen fekk skyss heim av politiet.
02.01 Kristiansand: Ein mann vart meld for bruk av narkotika på ein utestad i Kristiansand sentrum.
01.23 Kristiansand: Fire menn vart vist bort frå sentrum resten av natta etter å ha forstyrra ro og orden.
00.55 Kristiansand: Ein mann vart pågripen for bruk av narkotika.