- Sjå tidsskjema til høgre
Lengdehoppar Margrethe Renstrøm var først ut av sørlendingane i Telekonsult Arena laurdag. Søgne-jenta fekk ikkje klaff i lengdegropa og vart ståande med 5,99 som sitt beste resultat.
Renstrøm enda på 6. plass i konkurransen. Khaddi Sagnia frå Sverige vann med 6,52. Nadia Akpana Assa vart Norges beste på 4. plass med 6,30.
Karoline Daland frå Grimstad vart nummer åtte på 400 meter under nordisk landskamp i friidrett.
Sørlendingen sprang inn til tida 55,72. Det er ny sesongbeste innandørs. Daland sprang på 55,87 under Tyrvinglekene førre helg.
Sara Slott Petersen frå Danmark vann distansen med tida 52,59.
Erik Udø Pedersen frå Mandal vart nummer tre på 3000 meter under nordisk landskamp i friidrett i Sverige.
Sørlendingen sprang inn til 8.14,95. Svenske Staffan Ek vann med tida 8.10,92.
Even Meinseth frå Grimstad vart nummer fire på 200 meter under nordisk landskamp i friidrett i Sverige. Meinseth kom i mål på tida 21,41. Karsten Warholm frå Ullsteinvik gjekk til topps med tida 20,92.