– Eg byrja å skrive i sjokk. Eg skreiv meg ut av sjokket og enda opp med ei kjærleikserklæring til Sara. Og kanskje endå meir ei kjærleikserklæring til det å leve og ta vare på kvarandre, seier Sandsmark.
Sara Christiane Holmedahl Sandsmark (13) og venninna Tiril Alette Huser Bølge (11) lo og hadde det moro. Dei skulle gjere det dei likte aller best. Dei skulle på tur med ponnien.
Forstod ikkje alvoret
Etter kort tid skjedde det fatale. Jentene vart påkøyrd bakfrå av ein bil. Jentene omkom. Ponnien overlevde.
Ulykka skjedde like ved heimen til Sara ved Bjørkelangen i Aurskog-Høland i Romerike.
– Ein nabo ringde kona mi og sa det hadde vore ei ulykke, eller noko som hadde skjedd. Vi kasta oss i bilen og køyrde dei 500 metrane til ulykkesstaden, fortel faren til Sara.
Dei vart møtt av politi, ambulanse og ein redningsbil. Dei sprang nærare staden og såg Tiril ligge i vegen. Sara låg like utanfor vegbana.
– Vi forstod ikkje kor alvorleg det var. Begge hadde sin vanlege ansiktsfarge og pusta for eiga maskin, fortel Sandsmark, som er frå Flekkefjord.
- Les også: – Hun var på feil sted til feil tid
Fekk sjokkbeskjed
Ulykka skjedde ved 14.20-tida. Begge var bevisstlause og vart sende til sjukehus med luftambulanse.
– Vi tenkte at det kanskje vart nokre veker på sjukehus. Vi trudde det skulle ende annleis, fortel han.
I tretida natt til søndag kom meldinga om at begge var døde.
Allereie dagen etter at dottera døydde sette han i gang med å skrive. Då visste han ikkje at det skulle bli til ei bok nokre månader seinare.
– Eg var redd for å gløyme ting. Natta på sjukehuset då livet rømde ut av Sara. Eg følte samstundes at eg fall og fall og fall, seier Sandsmark.
– Eg hadde også tanken om kva eg kunne gjere for Sara når eg ikkje kunne gjere meir for ho, seier han.
– Mitt ynskje var å skrive ei kjærleikserklæring til henne og fortelje andre at det eigentleg er godt å leve. Vi har fantastisk gode minner med dei 13 åra med Sara. Dei har eg fått fram i bevisstheten, seier faren.
- Les også: Bygdefolket fulgte Sara (13) til graven
Dette vil han med boka
Målet med boka «Pass på liten og på stor», er å få folk til å setje meir pris på livet og personane i liva våre.
– Eg har eit inderleg ynskje om å fortelje at det er så viktig at vi ser ungane våre, og ser dei andre vi har rundt oss og er glade i. Og at vi seier det kvar dag, seier Sandsmark.
– Eg har fått vite etter ulykka at ei av Sara sine beste venninner fortel foreldra sine kvar dag at ho er glad i dei. Eg ynskjer at vi ser kvarandre og elskar kvarandre, at vi seier og viser det, seier han.
Mannen i 40-åra som køyrde på jentene er sikta for uaktsamt drap.