Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot å sende ungdom på festivalcamp

Politiet åtvarar foreldre mot å sende ungdom på festivalcamp i sommar. Årsaka er at mange debuterer med narkotika.

I dag startet Hovefestivalen og allerede før festivalen var åpnet var 10 personer pågrepet for oppbevaring av marihuana. Politiet advarer NÅ mot å sende ungdom på festivalcamp i sommer, fordi mange debuterer med narkotika.

VIDEO: Norsk politiforening åtvarar mot å sende ungdommar på festival.

– Det vil vi ikkje anbefale. Det er vel særs få som ynskjer ein heime aleine fest som varer i fem dagar heime hos seg sjølv, seier leiar i Norsk narkotikapolitiforeining, Mette Rooth til NRK.

Fabian Jarås

Fabian Jarås har fleire gonger fått tilbod om narkotika på festival.

Foto: Odd Rømteland/NRK
Frida Skar

Frida Skar seier at ho veit at det er mykje narkotika på festivalane.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Då er dei redde for at ting skal bli øydelagde og at ting går dårleg. Det bør dei tenkje på når dei sender barna på festival, seier ho.

– Har fått tilbod om narkotika

Tusenvis av ungdommar har innteke Tromøya i Arendal for å få med seg Hovefestivalen. Ungdommar NRK har snakka med stadfestar at det er lett å få tak i narkotika.

– Personleg har eg fått tilbod, men eg har takka nei kvar gang. Eg tykkjer ein bør halde seg unna slikt, seier Fabian Jarås.

– Eg legg ikkje så veldig merke til det, fordi eg ikkje er i akkurat det miljøet. Men eg veit jo at det er mykje av det, seier Frida Skar.

Måndag vart ti personar arrestert for besittelse av narkotika. Politiet beslagla mellom anna 300 gram hasj, som er det største enkeltbeslaget som er gjort på Hovefestivalen nokon gang.

Held fram med å nytte narkotika

Politiet i Arendal stadfestar at ein del debuterer med narkotika på festivalen.

– Eg snakkar med nokre kvart år. Av dei som er tekne er nok hovudtyngden etablerte brukarar, men ein del vil nok debutere, seier leiar for narkotikaavsnittet ved Arendal politistasjon, Asbjørn Røed.

Narkotikapolitiforeininga ser ein tendens til at dei som debuterer med narkotika på festival, held fram også når festivalen er over.

– Spesielt utover hausten og gjennom vinteren, der desse vert tekne fordi det går dårlegare på skulen og dei får problem. Dei seier til oss at dei prøvde første gang, gjerne i løpet av sommaren og då på ein festival, seier Rooth.

Festivalsjef kjenner seg ikkje att

Festivalsjef på Hovefestivalen, Benedikte Nilsen, er ikkje einig i at mange debuterer med narkotika på Hovefestivalen.

– Eg har inga oppleving av at mange debuterer på festivalen. Festivalen er ein del av eit samfunn. Her er det mange menneske og ulike ungdommar. Men eg har inga oppleving av at folk debuterer meir her enn andre stader i Norge, seier ho.

Det er 16 års aldersgrense for å sleppe inn på festivalcampane. Aldersgrensa har vore diskutert ved fleire høve.

– 16-åringar vil komme uansett. Her har vi iallefall sikkerheit rundt dei. Vi har eit sjukehus, alle fasilitetar og per dags dato føler eg at eg har meir samfunnsansvar når eg tek vare på dei her, enn om dei bur på øyer rundt omkring, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %