Hopp til innhold

Ingen nye legionellatilfelle

Arendal kommune opplyser at det ikkje er mistanke om nye tilfelle av legionella blant bebuarara ved Solhaug bo- og omsorgssenter. Årsaka til smitten er truleg ein lekkasje i ei kran.

Arendal kommune opplyser at det ikkje er mistanke om nye tilfelle av legionella blant bebuarara ved Solhaug bo- og omsorgssenter.

To pasientar får behandling etter å ha fått påvist legionellasmitte ved Solhaug bo- og omsorgssenter i Arendal. Det er så langt ikkje påvist fleire tilfelle.

– Førebels er det ikkje noko som tyder på at vi får fleire tilfelle. Men vi er vakne i forhold til det, seier smittevernlege Harald Reiso til NRK.

Laurdag kveld fekk to bebuarar behandling for legionella ved sjukehuset i Arendal. Dei har truleg fått smitten gjennom dusjanlegget i bygget.

Har innført dusjforbod

Personalet ved omsorgssenteret fekk mistanke om smitten etter at fleire bebuarar hadde fått luftvegsinfeksjonar.

– Vi meiner at problemet må vere vatnet, altså vasspartiklar med legionella som er årsaka, seier smittevernlegen.

Kommunen har innført dusjforbod medan det pågår undersøkingar. Alle dusjhovud og dusjleidningar vert no desinfisert med klor.

Kommunen køyrer også vatn på 65 grader gjennom heile anlegget for å spyle det.

Sjekkar heile anlegget

– Vi må sjekke heile anlegget. Vi må sjekke om temperaturen er høg nok og om deler av anlegget har stilleståande vatn slik at legionella kan formeire seg og komme ut i varmtvatnet. Det er det vi jobbar med no, seier Reiso.

Det er personar med lungelidingar eller som er sjuke som er mest utsett for å få legionella-lungebetennelse.

– Dei to som er innlagde er eldre menneske. Det er eldre som vert ramma og som har ei grunnliding som medfører lungeproblematikk frå før. Det kan vere alvorleg infeksjon på grunn av det, seier Reiso.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %