Geologar kartla fredag føremiddag kvar steinen på kring 10 tonn løsna. Frå helikopter såg dei tydeleg kvar steinen løsna.
Samstundes såg dei at det er lausmassar i området, som kan komme ned seinare.
Ordførar: – Vegvesenet sitt ansvar
Saman med vegvesenet skal dei no vurdere om området skal sikrast mot nye ras.
Det kjem ordførar i kommunen, Leiv Rygg, til å følgje tett med på.
– Vi kjem til å følgje med og undersøke kva dei kjem fram til. Det er i hovusak vegvesenet sitt ansvar. Men vi kjem ikkje til å sitte å sjå på at det ikkje skjer noko. Vi skal vere sikre på at undersøkingane som er gjort er grundige og gode nok, seier Rygg til NRK.
Fredag føremiddag snakka NRK med Oddvar Gunstveit som bur berre 100 meter unna der steinen slo ned i vegen. Han fortalde om at han stedig høyrer mindre ras i fjellsida.
Ber om pengar til rassikring
Ordføraren er ikkje overraska over at steinen ramla ned der den gjorde.
– Vi har jo gått utifrå at det er trygt i og med at det er ei nybygd vegstrekning. Men eg er ikkje overraska. Det er mange stader gjennom Setesdal der det er rasfarleg, seier han.
Ordføraren kjem også med ein bøn til styresmaktene.
– Eg håpar verkeleg at vegvesenet og styresmaktene tek på alvor at det er mange stader i landet vårt som er rasfarlege. Dei må setje av naudsynte midlar til å sikre desse stadene så godt det let seg gjere, seier ordføraren.
– Dette må vi diskutere med geologane, men dei har sagt at det ikkje er fare for nye ras no, seier Per Arnfinn Haugen i Statens vegvesen.