Hopp til innhold

Innesnødd i ei veke: – Det er skummelt

17 bebuarar på Bjåen øvst i Setesdal har meir eller mindre vore innesnødd i ei veke. No håpar dei snøvêret vil roe seg.

Snøstorm og uvær har preget mange fjellområdet i landet vårt den siste uka. 
På det lille tettstedet Bjåen, øverst i Setesdal, på grensen til Telemark, har de 17 beboerne vært mer eller mindre innesnødd en uke nå.

Sjå reportasje om korleis uvêret har påverka liva dei 17 innbyggjarane på Bjåen.

Ragnhild Bjåen

Ragnhild Bjåen har møtte tømme ut 4000 liter mjølk fordi mjølkebilen ikkje har komme fram.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK
Kyr

Kyr som skal slaktast har fått ekstra levetid på grunn av snøkaoset.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Ragnhild Bjåen held på å måke seg fram til fjøsen då NRK møter ho og familien. Ho skal i gang med fjøsstellet.

Snøkaoset har gjort at bonden har måtte tømme ut til saman 4000 liter mjølk.

Tankbilen har ikkje komme fram til den vesle bygda, som har vore isolert på grunn av enorme snømengde.

I fire døgn var dei utan både veg, telefon og delvis straum.

Full fjøs

– Det er jo ikkje noko morosamt når du må tømme ut 2000 liter mjølk kvar gong. No har vi gjort det to gonger, seier ho.

– Kyrne produserer og det er jo mat og ein ressurs. Det er ikkje noko kjekt å jobbe for at du må slå mjølka ut, seier Ragnhild.

Brøytemannskapa har ikkje hatt sjans til å halde vegen inn til bygda open. Kraftig snøfall og vind har dermed gjort det umogleg for slaktebilen å ta seg inn.

– Vi har måtte utsettje levering av dyra. Det er litt fullt akkurat no, men vi håpar det snart vert betre vêr, seier gardbrukar Anders Dalseg.

Kraftig snøfall og vind har gjort det umogleg for brøytemannskapa å halde vegen inn til den vesle bygda open. Bygda ligg på 900 meter over havet på grensa til Telemark.

Ragnhild Bjåen, Anders Dalseg og Mari

Barnehage har blitt bytt ut med fjøsstell for vesle Mari. Her er ho saman med Ragnhild Bjåen og Anders Dalseg.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Unormalt mykje snø

Sondov Bjåen er fødd på Bjåen, driv turiststasjon og likar snø. Han har hatt ein grundig gjennomgang av gamle hyttebøker og hukommelse.

Han meiner at det aldri har vore så mykje snø så tidleg på året.

– Så mykje snø kan eg ikkje minnast på denne årstida. Det har nok vore like mykje totalt i løpet av vinteren, men ikkje så tidleg på året som no, seier han.

Ragnhild Bjåen, som også driv økoturisme i fjellstoga bestefaren sette opp, veit at livet i fjellheimen kan vere tøft.

– Det er ein viktig del av opplevinga å komme hit for mange trur eg. Så er det jo ein del som tykkjer at det vert litt mykje av og til, når det vert så ekstremt, seier ho.

Uvær, snø, brøyting Bjåen i Aust-Agder
Foto: Ingrid Margrethe Bjåen / Privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %