Hopp til innhold

Felte tre - må betale 100 000 kroner

Tvedestrand Fjordhotell må betale 100 000 kroner etter å ha felt eit tre utan å ha fått godkjenning av kommunen.

Stein Matre

Hotelleigar Stein Matre er budd på å betale rekninga på 100 000 kroner.

Foto: Marianne Drivdal/Tvedestrandsposten

Hotelleigar Stein Matre vil betale rekninga.

– Eg er innstilt på det. Har ein gjort ein feil må ein stå for det ein har gjort, seier Matre til NRK.

Det var Tvedestrandsposten som først skreiv om saka. Hotellet ville fjerne treet på grunn av montering av ei markise, som skal skjerme hotellgjestene for vêr og vind på uteserveringa.

– Eg gjorde ein feil

Stein Matre var i dialog med kommunen om fjerninga av treet, men vedgår at han aldri fekk løyve til å felle treet. Likevel vart dette gjort.

– Formelt hadde vi inga godkjenning. Når byggmeisteren ringde meg og sa at treet måtte ned for å få plassert fundamentet for markisa, sa eg at han kunne fjerne det. Det var ei feil avgjerd, seier han.

Lindtreeet var 30 år gammalt. Politikarane i formannskapet er samstemte om at hotellet må gjere opp for seg. Bakgrunnen for den høge prisen er at nytt tre må kjøpast i Danmark.

– Dette er ein konsekvens av å ta seg til rette på ein annan mann sin eigedom, seier ordførar Jan Dukene til Tvedestrandsposten.

Formannskapet i kommunen krev at Stein Matre må setje inn 100 000 kroner på ein konto innan 2. mai, som garanti for kjøp, transport frå Danmark og planting av nytt tre. Treet skal vere på plass innan 17. mai.

Jan Dukene

Ordførar i Tvedestrand, Jan Dukene, er klar på at treet skal opp igjen.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Vil øydelegge området

Matre har enno ikkje svart kommunen, men vil gjere det innan kort tid. Her vil han forklare at han vil legge pengane på bordet. Men han meiner at eit nytt tre ikkje bør plantast.

Dersom treet blir sett opp igjen vil det ikkje vere plass til den motorstyrte markisa, som hotellet vil setje opp.

– Dette vil øydelegge område. Eg føreslår at kommunen brukar pengane til andre ting, seier han.

– Treet står inne på området der det ikkje er plass til både tre og markise. Det let seg ikkje gjere teknisk sett å kombinere dei tinga. Med mindre ein skal bygge eit kjempehøgt bygg og ein skyskrapar der, seier Matre.

– Det ser veldig fint og ope ut no. Det har blitt veldig mykje betre estetisk slik det ser ut no. Det er meir symmetri over det som er sett opp no, enn det var, meiner Matre.

– Treet skal opp igjen

Ordførar Jan Dukene er klinkande klar på at det nedsagde treet skal opp igjen uansett.

– Nei, treet skal opp. Det er kravet. Dersom han har nokon forslag til kommunen får han søke på vanleg måte, men treet skal opp, seier Dukene til NRK.

Hotelleigaren har uansett lært av episoden.

– Ein skal sjølvsagt ikkje ta seg til rette slik som her. Det er ikkje noko å diskutere. Det var ei feil avgjerd av meg, seier Matre.

Det er ikkje berre Stein Matre som har felt tre ulovleg. I januar saga Bjørn Dæhlie ned tre i ein verna hage på Jessheim.

Dæhlie forklarte at han fjerna trea fordi dei øydela taka på husa i området.

Utan å spørre, felte Bjørn Dæhlie dei fleste av trea i Jessheims eldste hage.(X)
Eigedommen i Storgata 3 er regulert til bevaring, men sjølv då kommunen ba Dæhlie om å stoppe, haldt hogsten fram. Dæhli seier til Romerikes Blad at han ikkje var klar over at trea var omfatta av reguleringinga.

VIDEO: Bjørn Dæhlie felte tre i Jessheims eldste hage.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %