Hopp til innhold

Dette skal gje færre overdosedødsfall

Noreg ligg nest øvst på Europa-statistikken når det gjelder overdosar og overdosedødsfall. No vil styresmaktene få misbrukarane til å røyke heroin i staden for å bruke sprøyte.

Norge ligger nest øverst på Europa-statistikken når det gjelder overdoser og overdosedødsfall. Ni byer er med i et nasjonalt prosjekt som skal få ned antallet overdoser. I Arendal er ett av tiltakene å få misbrukerne til å røyke i stedet for å injisere heroin.

Sjå reportasje.

Paul-Erik Sørensen

Paul-Erik Sørensen.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

Tordis Landvik

Tordis Landvik er feltsjukepleiar i Arendal.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK
– Du rullar det saman som ei pølse. Så fyrer du, seier Paul-Erik Sørensen.

Han er ein av dei med mange år bak seg som rusmisbrukar i Arendal, og viser korleis han røyker heroin i staden for å bruke sprøyte.

– Du får det ned i lungene. Jo lengre du klarer å halde, jo betre blir det, seier han og trekk ned røyken.

Betre enn injeksjon

Arendal er ein av ni norske byar som er med i eit pilotprosjekt som skal hindre fleire overdosedødsfall.

– Dette er eit betre alternativ enn å setje ein injeksjon, seier feltsjukepleiar i Arendal, Tordis Landvik.

– Ein del av skadereduksjonen er å prøve å motivere folk til å bruke røykefolie, seier ho.

Fire av fem dødsfall skuldast inntak av rusmiddel med sprøyte, ifølgje helsedirektoratet.

Heroin som røyk

Heroinet vert pakka inn i folie og deretter sett fyr på.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

260 dødsfall i året

– Statistikken viser at det i snitt døyr 260 av overdose på landsbasis. Til samanlikning var det 152 som døydde i trafikken i fjor, seier prosjektleiar i Arendal, Berit Bulien Jørgensen.

Berit Bulien Jørgensen

Berit Bulien Jørgensen.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

– Det er ganske mykje høgre tal, men vi høyrer mykje mindre om det. Ofte skuldast dødsfalla ei blanding av ulike stoff, seier ho.

Paul-Erik Sørensen har mista mange kjende i rusen.

No vil han bidra med det han kan for at færre døyr av overdose.

– Eg prøver å vere ein person som spring rundt til kameratane eg har igjen og passar på dei, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %