Hopp til innhold

Bilpleiefirma driv ulovleg

Skattestyresmaktene er uroa over tilstanden i bilpleiebransjen. Ein landsomfattande kontroll viser at dei fleste bilpleiefirmaene driv ulovleg.

Video De fleste bilpleiefirmaene driver ulovlig

– Det vi kan konstatere under aksjonen er at veldig mange har manglar når det gjeld dokumentasjon av kontantomsetning og rekneskapsproblem, seier avdelingsdirektør ved Skatt Sør, Karl Olav Valen til NRK.

Bilen vert smussfri og rein, men det same kan ikkje seiast om mange av firmaene som utfører jobben.

200 kontrollerte

Karl Olav Valen, Skatt Sør

UROA: Karl Olav Valen ved Skatt Sør, er uroa over sitasjonen. Til nå har dei fleste av dei 200 kontrollerte bilpleiefirmaene, hatt manglar.

Foto: Jan Inge Thomassen/NRK

Den landsomfattande kontrollen, som vart utført av skattestyresmaktene, avdekka ulovleg verksemd ved dei fleste av dei rundt 200 bilpleiefirmaene, som vart kontrollert.

Den endelege resultatet frå kontrollen er klart førstkommande mandag.

I tillegg til mykje svart omsetning, mangelfulle rekneskap og skattefusk, avdekka kontrollørane fleire uryddige tilsettjingsforhold - blant anna av personar utan lovleg opphald i Noreg.

Abokakr Gholami

KRITISK: Innehavar av Autoshine i Kristinansad, Abobakr Gholami, tykkjer ikkje noko om svart omsetning, mangelfulle rekneskap og skattefusk.

Foto: Jan Inge Thomassen/NRK

– Det er særs mange personar som ikkje har arbeids- og opphaldsløyve. Særs mange stikk av ved kontrollane, og dei fleste av dei er av utanlandsk opphav. Vi finn også ut at dei ikkje er registrert i arbeidstakar og arbeidsgjevarregisteret, seier Valen.

Varslar fleire kontrollar

For tre dagar sidan var kontrollørane på besøk hos Autoshine i Kristiansand. Ifølgje innehavaren var alt i orden. Sjølv er han skuffa over juksemakarane og meiner dei øydelegg bransjen sitt rykte.

– Det er ikkje bra. Ting må gjerast riktig. Ein må betale skatt og moms, seier innehavar Abobakr Gholami.

No varslar skattestyresmaktene fleire kontrollar.

– Det er alvorlege forhold, når ein bransje er prega av slike ting, seier Valen ved Skatt Sør.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %