– Eg vart gjort merksam frå både foreldre og personal om at dei var uroa fordi dei såg barn som kom usikra. Dei sat i framsetet og fekk lov til å køyre bilen til barnehagen, seier styrar Marian Stene til NRK.
Barn har blitt observert i foreldra sitt fang, i passasjersetet utan stol eller ståande ved sidan av sjåføren.
Sende brev til foreldra
Dette gjorde at barnehagestyraren først sende eit brev til foreldra. Deretter kontakta ho politiet.
– Eg er veldig redd for at det skal skje noko. Så for barna si sikkerheit måtte eg seie ifrå, seie ho.
– Politiet sa at dei ikkje kunne gjere noko anna enn å ha kontroll i området om det var eit problem, seier Stene.
Politiet lovprisar no barnehagestyraren sitt initiativ. Politistasjonssjef Jan Nesland skulle gjerne ha halde fleire kontrollar ved barnehagane i byen.
– Det er utruleg viktig at foreldra sikrar barna til og frå barnehagen. Ulykker kan skje og det er viktig å ha fokus på det, seier Nesland.
Ofte er det snakk om berre få hundre meters køyring. Men politistasjonssjefen understrekar at det er lite som skal til før konsekvensane blir store.
– Uansett kor kort det er kan det skje ulykker. Spesielt slik føret er no når det er glatt. Då er det spesielt viktig å sikre barna i bilen, seier han.
– Det mest dyrbare vi har
– Det skjer trafikkulykker nesten dagleg, sjølv om farten er låg kan det få fatale følgjer, seier han.
Else Berit Bøe er ei av mødrene som fekk brev av frå barnehagen.
– Vi har to bilar, men gjerne berre eitt bilsete. Men det er viktig at dei tek dette opp. Det kan skje ting sjølv om vi ikkje køyrer langt, seier ho.
Barnehagestyraren har fått få tilbakemeldingar på brevet, men dei ho har fått er positive.
– Det går på at dei seier det er bra at eg gir beskjed, seier Stene.
No håpar politiet at foreldra tek oppfordringa frå barnehagen på alvor.
– Eg tykkjer at folk må ta seg den lille tida ekstra for å sikre barna på ein skikkeleg måte. Barna er det mest dyrebare vi har, seier Nesland.