– Eg føler ikkje eg går imot eige parti, for det er ingen tvil om at bileta viser at pelsdyrfarmane har forhold som ikkje har krav på støtte frå samfunnet verken gjennom pengar eller andre måtar, seier Bjormyr til NRK.no.
- LES OGSÅ: Sp alene om pelsdyrstøtte
– Så går eg ut ifrå at det er reelle bilete som er teke, seier han.
Vil fjerne økonomisk støtte
Søndag presenterte Dagsrevyen bilete av rev og mink med opne sår, avrivne kroppsdelar og dyr som ikkje vert teke hand om.
Tidlegare i dag kom det fram at fleire parti på Stortinget opnar for å fjerne den økonomiske støtta til pelsdyrnæringa. Kun Senterpartiet er for å verne den. Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) er den einaste klare forsvarar av støtta.
Landsbruksministeren har, som han også gjorde i fjor, krevd at næringa må rydde opp.
Klar beskjed til næringa
– Eg har gitt næringa krystallklar beskjed om at verstingane må ut. Det kan bety at farmar som driv uetisk vert avvikla, har Brekk tidlegare sagt til NRK.no.
– Eg forstår at landbruksministeren har behov for å ikkje straffe alle over ein kam direkte, seier Kristen Bjormyr.
- LES OGSÅ: Brekk i oppvaskmøte med pelsdyrnæringen
– Eg reknar med at det fins nokon som driv skikkeleg, men då får dei som driv skikkeleg komme på bana og vise kva dei held på med. Men eg føler at dei har misbrukt den moglegheita allereie, seier han.
– Vanskeleg debatt
Landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Vest-Agder, Dag Petter Sødal, kjenner seg ikkje at i kritikken som har komme mot pelsdyrnæringa dei siste dagane.
– Det er ein vanskeleg debatt der det er uakseptabelt at dyr lir. På den andre sida er dette ei næring som har tradisjonar og vi har inntrykk av at det er seriøse næringsutøvarar som driv godt, seier han.
– Så du kjenner deg ikkje att i kritikken?
– Fylkesmannen har ikkje så mykje direkte med denne næringa å gjere, men dei vi høyrer og kjenner til er seriøse aktørar, seier Sødal.
Avviser partikonflikt
Kristen Bjormyr pressiserer på nytt at han ikkje er på kollisjonskurs med eige parti.
- LES OGSÅ: Mattilsynet kommer «aldri» uanmeldt
– Eg føler det berre er nyansar. Eg kjenner Lars Peder Brekk som ein mann som er oppteken av velferdet til dyra. Eg kan ikkje forstå at verken folk frå næringa, dyrlegar, statsrådar eller vanlege menneske vil kunne forsvare å ha dyr som vert utsett for lidingar på denne måten, seier han.
Framstegspartiet og SV vil fjerne støtta. I fjor gav staten over 40 millionar kroner i støtte til pelsdyrnæringa.