Hopp til innhold

– Trygt å vite at politiet følgjer med russen

UP i Agder og Rogaland varslar storkontroll av russebilar som er på veg til Kongeparken. Det er Angelica Glad på russebilen Utopia glad for.

Russebilen Utopia

Angelica Glad er med på russebilen Utopia og gler seg til russtreff i Kongeparken.

Foto: Privat

Politi og vegvesen har mannskap ute både i Agder og Rogaland.

– Det skal ikkje vere tvil om at vi følgjer tett med. Vi følgde med i natt og vil følgje med utover dagen og kvelden, seier UP-sjef Øystein Krogstad til NRK.

I løpet av natta vart tre russebussar stoppa i Kristiansand. Ingen av dei tre sjåførane hadde gyldig førarkort for å køyre buss eller passasjerar.

Laster Twitter-innhold

– Ein del som ikkje brukar hovudet

I tillegg til å sjekke om sjåførane har gyldig førarkort vil eit titals personar frå politi og vegvesen sjekke om russebilane er trygge å køyre.

– Det har betra seg veldig dei siste åra med Statens vegvesen sine utvida kontrollar. Men sjølvsagt er vi uroa for nokon bilar som ser ut som dei ikkje burde ha vore på vegen, seier han.

UP-sjef for Rogaland og Agder, Øystein Krogstad

UP-sjef i Agder og Rogaland, Øystein Krogstad.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Han viser mellom anna til ein episode for nokre år sidan der ein russebil vart stoppa med eit aggregat på 750 kilo som var laust inne i bilen.

– Dessverre er det ein del russ som ikkje brukar hovudet. Då må vi hjelpe. For vi vil ikkje miste nokon av dei, seier han.

Angelica Glad frå Grimstad er på veg vestover saman med venninner i russebilen «Utopia». Ho er glad for at politiet følgjer med.

– Det er trygt å vite. Det er veldig viktig med sikkerheit og det er kjempefint at dei står langs vegane og passar på, seier ho.

Gler seg til russetreff

Ho fortel at dei er opptekne av at bilen skal vere trygg å køyre.

– Vi brukar bilbelte, har bagasjen på golvet og passar på at vi ikkje er fleire personar i bilen utover det som er lov, seier ho.

– Hadde bilen dykkar tålt ein kontroll?

– Den er godkjend og god. Det er ein russebil som er litt slitt, men den fungerer, seier ho.

No ser ho fram til fest og moro i Kongeparken.

– Vi er spente alle saman. Det kjem til å bli god stemning, seier ho.

Angelica Glad

Angelica Glad er på veg til russetreff i Kongeparken.

Foto: Privat
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %