Hopp til innhold

Politimann etter hektisk natt: – No skal det bli godt å bli pensjonist

Operasjonsleiar i Agder politidistrikt Børge Steinsland fekk ei særs hektisk natt på si siste vakt før han blir pensjonist. Det markerte han i politiloggen på Twitter.

Politiet på Twitter

Operasjonsleiar Børge Steinsland melde mellom anna dette på si siste vakt i politiet før han vert pensjonist.

Foto: Skjermdump Twitter

– Ei natt med massiv fyll over store deler av distriktet. Då er det godt at ein blir pensjonist klokka 07.45, skreiv Steinsland på Agder-politiet sin Twitter-konto.

For politiet på Agder hadde det særs hektisk natt til søndag. Mellom klokka 24 og 06 søndag morgon måtte politiet rykkje ut til 50 ordensforstyrrelsar.

– Hadde ikkje folkevett

Børge Steinsland

Operasjonsleiar Børge Steinsland hadde si siste vakt i politiet natt til søndag. No er han pensjonist.

Foto: Frans Kjetså / NRK

Mange av utrykkingane var til Skandinavias største strandfest «Palmesus», som vart arrangert på bystranda i Kristiansand.

I tillegg til å ta hand om fulle personar måtte politiet rykkje ut til bystranda der det gjekk føre seg rydding etter musikkfestivalen. Politiet fekk nemleg inn fleire meldingar om «dunk-dunk-lydar».

Det viste seg at arrangørane hadde på musikk medan dei rydda opp etter arrangementet.

– Det var Palmesus som ikkje hadde folkevett til å forstå at dei plaga mange med denne støyen, skriv Steinsland på Twitter.

Elles hadde Steinsland mellom anna følgjande å melde frå si siste vakt som operasjonsleiar, før han gjekk inn i pensjonisttilværet.

– Mann med ustelt skjegg

– Ein mann i Hægebostad, med ustelt skjegg, rappa med seg pyntegjenstandar frå ein bustad etter å ha spurt om sigarettpapir, skreiv Steinsland.

– Massefyll etter Palmesus i Kristiansand sentrum.

Steinsland fekk på tampen av vakta helsing frå 110-sentralen på Agder på Twitter:

– Håpar du får ein fin og lang pensjonisttilvære.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %