Hopp til innhold

– Denne saka har skapt frykt

Torsdag startar rettssaka mot ein hundeeigar i Mandal, som er tiltalt for uaktsomhet i samband med at tre personar vart bite av hunden hans i juli i fjor.

Hunder gikk til angrep

Eigaren av desse hundane møter i retten torsdag.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Aktor Berit Voxen meiner at denne saka viser kor viktig det er at hundeeigarar har kontroll over hunden.

– Ein har eit stort ansvar for å ha kontroll over hunden. Ein veit aldri kva type menneske eller dyr ein møter, seier Voxen til NRK.

– Viktig å kontrollere hunden

– Folk kan reagere på ulike måtar. Då er det viktig å kunne kontrollere hunden og hindre at slike ting skjer, seier aktor.

Det var på ettermiddagen 4. juli i fjor at ein 2-åring, mor hans og ein 17 år gammal gut vart angripe av ein hund og fekk bittskader på ein leikeplass i Mandal.

Rettssaka skulle eigentleg ha gått i november i fjor, men vart utsett på grunn av sjukdom.

Brot på hundelova

Påtalemakta har tiltalt hundeeigaren for brot på hundelova. Der er det ei øvre strafferamme på seks månaders fengsel.

– Dette er ei sak som har skapt frykt i nabolaget, slik at det er mange som er opptekne av og berørt av hendinga, seier Voxen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %