– Ein trailer fekk problem og det blei lange køar på Flåm-sida, seier Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen.
På E39 ved Myrmel i Gaular har også vegen vore stengd på grunn av bilberging.
Tidlegare i dag har ein trailer køyrt i grøfta i Halbrendslia i Førde. Dette førte til trafikale problem. Bilistar i området opplyser at det er særs glatt på staden.
Også i Hafslo har ein trailer hamna i grøfta, og fleire bilar har også hamna utanfor vegen, mellom anna kring Hella i Leikanger og på Skei i Jølster.
Brøytemannskap i heile fylket slit med å halde vegane fri for snø i dag. Fleire bilistar har kontakta Vegtrafikksentralen og klaga på dårleg eller manglande brøyting på vegane.
– Kontraktørane over heile fylket melder om dei har problem med å halde standarden på grunn av dei store snømengdene, seier Molvær.
(Artikkelen held fram under biletet)
På Eikås i Jølster har ein betongbil køyrt i grøfta og det er innsnevring på grunn av bilberginga.
Freddy Brakestad som har køyrt forbi staden, fortel om speilglatte vegar.
– Det er ein betongbil som har køyrt i grøfta. Ein annan betongbil er på staden for å tømme den andre. Det er veldig glatt og vanskeleg å køyre, seier han.
- LES OGSÅ: