Hopp til innhold

Brøytemannskapa slit med å halde vegane fri for snø - og det er meir nedbør i vente

Fleire bilistar har kontakta Vegtrafikksentralen i dag og klaga på dårleg eller manglande brøyting på vegane.

I AabePå E39 mellom Førde og Sande har det vore meldt om utfordrande køyreforhold i dag.

UTFORDRANDE Å KØYRE: På E39 mellom Førde og Sande er det meldt om utfordrande køyreforhold i dag. Her frå Statens Vegvesen sitt webkamera i Aabergsdalen.

Foto: Statens Vegvesen webkamera Aabergsdalen

– Det er til dels vanskeleg å halde standarden på vegane i dag. Det har kome mykje snø, og det er forholdsvis mykje vind i tillegg, seier Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Fleire har kontakta dei for rapportere om vanskelege køyreforhold. Meteorologisk institutt har også sendt ut obs-varsel frå torsdag ettermiddag. Der melder dei om nordvest liten storm på kysten og utsatte stedar. Snøbyger saman med sterk vind kan gje vanskelege køyreforhold.

– Det har kome mest klagar frå ytre delar av Sogn og Sunnfjord. Dei seier det er sporete veg, utfordrande køyreforhold som gjer det vanskeleg å halde sida si, så folk er litt uroa.

Køyrde i 15 cm slaps

Ei av dei som har vore ute på vegen, og var uroa for trafikktryggleiken, var Jorunn Eide Kirketeig. Ho køyrde frå Førde til Bergen i dag tidleg, men det gjekk ikkje i den farten dei vanlegvis kan rekne med.

– I starten var det ikkje noko særleg. Det var ti til femten cm slaps heile vegen, for var først brøyta etter at vi passerte Matre. Det var glatt, og rett og slett farleg å køyre på slikt føre, seier ho.

At dei ikkje møtte nokon som hadde reist utfor vegen eller stod faste, er bilistane si forteneste, meiner Kirketeig.

Rosar bilistane for fin køyring

– Alle køyrde roleg og forsiktig, og farten var veldig lav. Så eg må gje honnør til bilistane som snegla seg fram i våt tung snø og dårleg sikt, seier Kirketeig.

Og vegen mellom Førde og Bergen er ei av strekningane der det har vore utfordringar i dag, opplyser Vegtrafikksentralen.

Vegen mellom Skei og Sogndal ovanfor Kjøsnesfjorden.

MYKJE SNØ: Også på fylkesveg 5 mellom Skei og Sogndal har det kome mykje snø i løpet av dagen. Her frå Statens Vegvesen sitt webkamera i Lundebotn.

Foto: Statens Vegvesen sitt webkamera i Lundebotn

– Det var eit par lærebilar som var på veg der som klaga på at det ikkje var brøyta. I tillegg til vegen frå Oppedal og innover mot Bergen, har vi fått melding om Sande - Eldalsosen og i grunn heilt inn til Balestrand. I Aurland er det også meldt om problem, seier Molvær.

Han legg til at alt av brøytemannskap no er ute, men at det er vanskeleg å halde brøytestandarden, og seier det er ulike krav til brøyting på vegane.

– På ein lite trafikkert fylkesveg kan det vere ganske dårleg føre før tiltak blir sett inn.

Politiet opplyser at det er fleire som har fått problem på vegane i dag. I Halbrendslia i Førde har eit par bilar hamna i grøfta, og det same er tilfelle for ein bil på veg mot Hella i Leikanger.

Politiet har også oppretta sak mot ein eldre mann, etter at bilen han køyrde hamna i grøfta, og bilen berre var skodd med sommardekk. Fleire vogntog har også hamna i grøfta, mellom anna i Hafslo og Halbrendslia i Førde.

– Det er få meldingar om bilar som har sett seg fast, men folk verkar å køyre etter forholda. Ein må ned i 30 - 40 km/t for å køyre forsvarleg, seier Molvær.