Hopp til innhold

Ingen bom for skiskyttarlinje - fylket går ny runde med departementet

Fylkeskommunen vil no likevel behalde tilbodet om utdanning for talentfulle skiskyttarar på Stryn vidaregåande skule.

Jarle Midthjell Gjørven

FULL FART: No har fylkeskommunen snudd og vil likevel gje skiskyttartalent som Jarle Midthjell Gjørven sjansen til å gå på skule i Stryn.

Foto: Rune Fossum

Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, har tidlegare gått inn for å leggje ned den populære skiskyttarlinja. No har ho endra meining.

– Eg legg fram saka som vart utsett i forrige hovedutvalsmøte. Den blei utsett fordi vi då hadde opplysningar etter at saka var ferdigstilt som gav eit anna grunnlag for søknaden for Stryn vidaregåande skule, seier Skaasheim til NRK.

Ho peikar på at dei no har eit konstruktivt samarbeid med skulen, og vil sjå på moglegheita for å organisere eit skiskyttartilbod tilknytt til studiespesialisering.

– Det er jo eit utdanningsprogram som skulen skal ha etter vedtak frå fylkestinget., seier Skaasheim.

Departementet avgjer

Det er Kunnskapsdepartementet som handsamar søknaden, som då skal sendast frå fylkeskommunen.

Bekka Skaasheim

TILRÅR OPPRETTHALDING: Bekka Skaasheim.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Den vidare prosessen kjenner ikkje eg i detaljar, men den er jo nært knytt opp til arbeidet med budsjettet. Dette er noko som skal finansiserast direkte over Statsbudsjettet,

– Eit slikt tilbod vil ikkje få direkte innverknad på fylkeskommunen sitt opplæringsbudsjett?

– Det er jo det ein må klarleggje. Det er faste satsar knytt opp til landslineordninga innanfor ulike idrettar, og då må ein sjå opp mot dei utgiftene som er til å drive eit slikt tilbod, seier Skaasheim.

Frykta for linja

Det vekte sterke kjensler då det vart kjend for ei tid tilbake at fylkeskommunen ønskte å leggje ned skiskyttartilbodet på Stryn vidaregåande.

– Det er tragisk, sa Jarle Midthjell Gjørven, eitt av skiskyttertalenta som har gått ved Stryn vidaregående skule.

– Dersom eg kan bruke ordet skandale, så er vel det eigentleg mest dekkande. Eg synest det er leit, for alle dei yngre i klubben og distriktet som har sett opp til oss som har lukkast i skiskyting, får ikkje dei same sjansane som vi fekk, sa Gjørven.