Hopp til innhold

Flyplassane går farlege tider i møte

Høgre og Frp vil ha færre lufthamner, skriv Bergens Tidende. Fleire av dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane kan leve farleg.

Flyplass-kollasj

KVEN RYK? Flyplassane i fylket kan fort bli færre, dersom regjeringa får det som ho vil. F.v. Florø lufthamn, Sogndal lufthamn, Sandane lufthamn og Førde lufthamn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Ottar Starheim, Karl Kristian Langeland, Arve Uglum / NRK

Sogn og Fjordane har fire lufthamner, Førde lufthamn Bringeland, Sogndal lufthamn Haukåsen, Sandane lufthamn Anda og Florø lufthamn.

Men det er varsla dramatiske samferdselsendringar i åra som kjem. Med den nye E39, som kanskje står ferdig om 20 år, vil truleg reisetida verte kutta monaleg.

Færre og meir konkurransedyktige

– Vi har ikkje hatt nokon konkrete flyplassar og regionar i tankane, men viss reisetida vert kutta monaleg, vil det vere naturleg at dette får konsekvensar for flyplasstrukturen, seier nestleiar i Frp, Ketil Solvik-Olsen, til Bergens Tidende.

Dei to regjeringskontora er klare i si regjeringserklæring på at der det er føremålstenleg, kjem regjeringa til å bidra til færre, større og meir konkurransedyktige lufthamner.

Frank Willy Djuvik (Frp) meiner det slett ikkje er nok i vegen for korkje nedleggingar eller samanslåingar av flyplassar i Sogn og Fjordane.

Vil ha avgangar til London og København

Han trur større flyplassar, og dermed fleire passasjerar, kan gi fleire avgangar til nye reisemål.

– Då kan vi få avgangar til transittstadar som London og København frå vårt eige fylke, seier Djuvik.

Utspelet får derimot fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) til å steile. Ho var vararepresentant for Liv Signe Navarsete på Stortinget.

– Dette inneber at fleire får lengre avstand til flyplassen sin. Og skal selskapa vere konkurransedyktige, må dei fylle opp flya. Det betyr færre avgangar, og det er ikkje det næringslivet i fylket vårt treng, seier Følling.