Hopp til innhold

FrP vel gjerne veg framfor flyplass

Framstegspartiet meiner det er ein strålande idé å leggje ned flyplassar i Sogn og Fjordane for å få pengar til veg.

Frank Willy Djuvik

JA TIL VEG: Frank Willy Djuvik (innfelt) meiner at flyplassmidlar gjerne må brukast til veg.

Foto: NRK

NHO-regiondirektør Jan Atle Stang meiner at ein må våge å ta debatten om talet på flyplassar om E39 blir ferjefri i Nordfjord.

– Eg er einig i prinsippet om at me må ha ei ordning som gjer at ein har moglegheita til å avløyse flyplassar med vegar. Jan Atle Stang har eit veldig godt poeng i denne saka, seier fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

Partiet vil programfeste å bruke tilskota til dei aktuelle flyplassane til vegbygging i staden for.

Med bru over Nordfjorden kan reisetida mellom Sandane lufthamn og Ørsta/Volda bli så liten som 35 minutt med val av midtre trasé.

– Når ein ser på ein del flyplassar og nye vegar, so blir grunnlaget for flyplassane vekke. Då er spørsmålet om ein skal tvihalde på den strukturen ein har, eller om ein skal sjå på fleksible løysingar som gjer at ein kan få meir ut av dei midlane som vert brukt, seier Djuvik.

Ein halvtime mellom flyplassane

Regjeringa har lova ferjefri E39 innan 20 år og det betyr bru over Nordfjorden. Men ei slik bru vil også korte betydeleg ned avstanden frå Sandane lufthamn til Ørsta/Volda Hovden.

Framleis er det uklart kvar brua kjem, men ifølgje Statens vegvesen vil ein ved bru mellom Lote og Anda og ny veg over Stigedalen få ei reisetid på berre 35 minutt mellom dei to flyplassane.

Ved val av den såkalla S-en via Hornindalsvatnet og Kviven vil avstanden bli vel 65 minutt frå Sandane sentrum til Hovden. Det same blir avstanden ved indre trasé via Stryn og Kviven. I dag er avstanden vel ein time og 20 minutt.

– Det er veldig viktig at ein ikkje skyv debatten under teppet, den må takast. Det er viktig å få ein open og konstruktiv debatt om kva som har størst nytte for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, både i Gloppen men og i andre deler av fylket, kva som gjer oss det beste tilbodet.

Vil knyta Midtre Nordfjord til Florø

Nedlegging av Anda lufthamn ville ifølgje Djuvik gitt 1,4 milliardar kroner som kunne blitt brukt til vegbygging. Men i staden for å nytta det til ei bru over Nordfjorden, ser han føre seg ei anna løysing.

– Eg meiner at ein heller burde rusta opp vegen mellom Sandane og Storebru slik at ein knyt midtre Nordfjord opp mot flyplassen i Florø. Då får ein ei sambinding mellom Midtre Nordfjord og Florø/kysten, i tillegg får ein ei naturleg flyplassutvikling i Florø. Ein ser allereie at passasjerveksten har ført til auka tilbod i Florø, seier Djuvik.

– Kan me vera sikre på at dette vil føre til at ein totalsett får fleire flyavgangar frå Sogn og Fjordane?

– Ja, det kan me. Det viser all erfaring at om ein aukar passasjergrunnlaget, vert det også grunnlag for fleire destinasjonar.

– Bringeland kan bli overflødig

Djuvik meiner også debatten kan kome i Sunnfjord om kystvegen med ei bru over Førdefjorden. Då kan flyplassen Bringeland bli overflødig.

– Ei avløysing, etter den modellen me har skissert på Bringeland, utgjer 600 millionar kroner. Ved å bruke det som delfinansiering på ein kystveg mellom Askvoll og Florø, so vil ein knytte HAFS-området mot Florø lufthamn og ein vil få ein veldig kort avstand for dei i HAFS til ein flyplass med eit større tilbod, større frekvens og billigare billettar. So det er absolutt noko ein burde sjå på i ein slik prosess.