Krogsæter understrekar på det sterkaste ovanfor Firda at ho ikkje er for noko frislepp av hasj og marihuana.
I gårsdagens Firda gjekk Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn ut og meinte at politi og behandlarar har ei forelda haldning når det gjeld hasj og marihuana.
Krogsæter er dermed den første fylkespartileiaren i Sogn og Fjordane som tek til orde for ei slik legalisering.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kan seljast gjennom apotek
– Men det må takast gradvis og gjennomtenkt. Å selje cannabis gjennom apotek, slik Rotevatn snakkar om, er kanskje måten å gjere det på, seier Krogsæter.
Ho meiner den norske narkotikapolitikken mislukkast.
– I staden for å få bukt med problemet, har vi fått ei stigmatisering av folk som brukar narkotika. Vi må få fram menneskeverdet og gi folk med narkotikaproblem skikkeleg oppfølging, behandling og hjelp, seier Krogsæter til avisa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur ikkje fleire vil bruke
Ho trur ikkje nøgvendigvis avkriminalisering av bruk vil auke talet på folk som bruker hasj.
– Eg trur dei som i dag vil ha tak i cannabis, også får tak i det. Sjølv om politiet gjer ein bra innsats, viser det seg at dei ikkje får bukt med problemet, seier Krogsæter.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: