Hopp til innhold

Årsmøtet i Venstre: Sjølvskryt og sjølvransaking

SANDANE (NRK): Venstre skrytte av seg sjølv og sine gjennomslag på fylkesårsmøtet, men drøymer om å bli fleire og større.

Fylkesårsmøte i Venstre

VENSTRE OM: Nærmare femti Venstre-medlemmar er samla på Gloppen hotell til fylkesårsmøte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har endeleg fått gjennomslag på ei rekkje områder, som vi har jobba for i årevis. Kvifor har vi ikkje blitt eit større parti?

Sveinung Rotevatn

SØK MAKT: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn ba sine lokale partifeller om å søkje makt i kommunevalet til hausten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dette spurde stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn seg sjølv og møtelyden under fylkesårsmøtet til Venstre på Gloppen hotell på Sandane, laurdag.

Nærmare femti frammøtte hadde trossa uvêret for å kome saman.

Rotevatn kom forseinka til møtet frå Nordfjordeid fordi ferja mellom Lote og Anda ligg vêrfast.

– Kanskje vi kunne unngått desse problema om vi fekk bygd ei bru over fjorden. Det er ein ny idé som vi får jobbe vidare med, ironiserte han frå talarstolen til latter og applaus.

Latter på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre

GOD STEMNING: F.v. ordførar Alfred Bjørlo i Eid, fylkesleiar Daniel Gangeskar i Unge Venstre, fylkesstyremedlem Peder Lofnes Hauge og fylkesleiar Gunhild Berge Stang.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjølvskryt

Gunhild Berge Stang

SKRYT: Fylkesleiar Gunhild Berge Stang synte til ei rekkje gjennomslag med regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Også fylkesleiar Gunhild Berge Stang synte til gjennomslag som støtteparti for regjeringa i si opningstale.

– Vi sikra eit betre jordbruksoppgjer som no gjev optimisme i næringa. Vi fekk ordna kompensasjon for fylkeskommunen som er i tråd med det som var ønska av fylkesrådmannen.

– Vi har løfta sjødeponisaka i Naustdal opp til å bli partiet si viktigaste miljøsak ved sidan av klimasaka, sa Berge Stang til dei frammøtte.

Små og få

Fylkespartiet hadde ved årsskiftet 409 betalande medlemmar. Det er fem fleire enn året før. Men målet var 50 fleire.

På meiningsmålingar ligg partiet temmeleg jamnt litt over sperregrensa.

Dette var litt av bakgrunnen då stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn tok ordet. Han drøfta litt omkring Venstre kunne fått meir igjen ved å knytte seg til andre parti enn Høgre og Framstegspartiet i regjeringa.

Konklusjonen hans var at det kunne ein ikkje.

– Den einaste måten SV og Arbeidarpartiet greier å dekkje inn utgifter på, er kraftig auke i skattar for næringslivet. Vi finn betre løysingar saman med regjeringspartia.

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre

IDÉ TIL BRU: Mange var forseinka til møtet på grunn av ferjeproblema på Lote - Anda. Sveinung Rotevatn ironiserte at ei bru hadde vore ein ny idé.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rar regjering

Men samtidig var det ikkje berre lovord til regjeringa.

– Regjeringa gjer mykje rart. Og dei blir assosiert med merkverdige saker. Vi må spele kvarandre gode, på ein betre måte enn vi gjer no.

Han avslutta med å oppmode dei lokale kommunekandidatane om å søkje makt.

– Vi har ein ordførar i fylket no (Alfred Bjørlo, Eid (journ. merk.)). Vi bør minst bli eit par ekstra. Då må vi vere villege til å ta ansvar, sa Sveinung Rotevatn.

I løpet av helga skal partiet vedta eit fylkesprogram for haustens kommune- og fylkestingsval. I tillegg skal dei ta stilling til fråsegner om utflytting av arbeidsplassar og søndagsopne butikkar.