Hopp til innhold

Utviklingsprosjektet i Hodlekve veks

To nye skiheisar, ny parkeringsplass og ny veg til hyttetomter. Sogndal skisenter har planar om å vekse stort i løpet av dei neste åra.

Gondolbane i Sogndalsdalen

SATSAR STORT: Det har tidlegare blitt kjend at Sogndal skisenter i Hodlekve skal få gondolbane, samt fleire hundre hytter og fornya heisanlegg. No har planane blitt oppgradert, om mogleg.

I haust vart det kjend at Sognefjorden Utvikling vil bygge 500 hytter, byggje ut Sogndal skisenter og lage gondolbane frå Hodlekve til Kambafjellet 1220 meter over havet.

Planane er framleis høgst i livet, men når planane på nytt vart presentert fredag var planane hakket meir ambisiøse enn tidlegare, om mogleg. No skal nemleg Sogndal skisenter få to nye heisar, i staden for den eine forlenginga som først var planlagt.

Tre skiheisar

Når skisenteret opnar neste sesong, er det tre skiheisar på plass. I tillegg til det eksisterande trekket som skal forlengast, samt barnetrekket som er der i dag, kjem det også endå ein skiheis i Hodlekve. Arbeidet skal også gå mykje raskare enn det som først var sagt. Det har sine grunnar.

– Vi gjer det av den grunn at vi har fått ein gunstig avtale på kjøp av eit brukt anlegg som vi kjem til å oppgradere slik at det vil stå fram som nytt. Då vil det likevel vere mykje pengar å spare på det og då kunne vi kjøpe det som ein pakke totalt, fortel styreleiar i Sogndal skisenter, Gunnar Solbakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnar Solbakken

GLER SEG: Styreleiar i Sogndal skisenter, Gunnar Solbakken, gler seg stort over planane for skisenteret.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Fullt trykk etter påske

Det er ikkje berre skiheisanlegget som skal oppgraderast. Sognefjorden Utvikling har tidlegare fortald om planane om å byggje 500 hytter. I samband med dette skal det også byggjast ny veg fram til ein ny parkeringsplass.

– Her blir det fullt trykk etter påske. Vi skal hogge 6000 kubikkmeter med tømmer, noko som svarar til om lag 400 lastebilar, seier Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling AS.

Dette skal gå føre seg mellom 3. april og 3. juni, då ein ny del av arbeidet tek til.

– Då startar vegbygginga, saman med Sogndal kommune, fram til ny parkeringsplass, og det vert bygd vegvatn og kloakk som skal vere ferdig til hyttetomter 1. desember. Pluss at her skal det byggjast to nye heisar, så i Hodlekve skjer det, seier Haukås.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal skisenter

FRAMTIDA: Slik skal Sogndal skisenter sjå ut innan kort tid.

Foto: Sogndal skisenter

41 hyttetomter seld

Det er sal av hyttetomtene som skal betale for det enorme prosjektet i Hodlekve. 41 av 50 tomter har blitt seld gjennom vinteren, og Haukås håpar at det vert julefeiring i Hodlekve etter kvart.

– Hyttene dett på plass utover neste år, så det er sannsynleg at det blir ein eller annan som feirar jul her oppe i 2014. Det vert fantastisk, seier han.

Og sjølv om godt skiføre hindrar gode arbeidsforhold endå ei stund framover, er det ikkje snakk om noko anna enn å halde fristane.

– Ja, vi har ikkje noko anna val. Her må det jobbast, og det er slik ein entusiasme inne i Sogndal og rundt dette prosjektet at her er det berre å få på seg arbeidskleda, seier Haukås.

Store framtidsplanar i Hodlekve

STORE PLANAR: Fire av dei fem i styret i Sogndal skisenter gler seg til at alle planelement kjem på plass. Frå venstre: Heidi Katrin Osland, Jomar Haukås, Kåre Træen og styreleiar Gunnar Solbakken.

Foto: Arve Uglum / NRK