Hopp til innhold

Vil investere to mrd. i Hodlekve

Sognefjorden Utvikling vil bygge 500 hytter, bygge ut Sogndal skisenter og lage gondolbane frå Hodlekve til Kambafjellet 1220 meter over havet.

Gondolbane i Sogndalsdalen

STOR UTBYGGING: Utbyggjarane ser for seg ei gondolbane i Sogndalsdalen.

–Så snart snøen er vekke til våren vil vi starte arbeidet med å ruste opp og forlenge det eksisterande skitrekket i Hodlekve. Samtidig skal vi lage veg opp til området der vi skal bygge om lag 500 hytter, seier styreleiar Even Hegbom i Sognefjorden Utvikling AS.

Hegbom driv investeringsselskapet Bergstrøm AS er ein av mennene bak Voss Fjellandsby i Myrkdalen. Med seg har han også ei rekke av investorane derifrå, mellom andre Petter Grendahl og Skage-familien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Styreleiar Even Hegbom og styremedlem Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling AS

VIL BYGGJE UT: Styreleiar Even Hegbom og styremedlem Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling AS.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sentrum for fjellsport

– Me vil utvikle Sogndalsdalen til å bli eit sentrum for fjellsport i Norge, seier Hegbom.

Dei første stega i denne planen vil selskapet ta våren 2013.

  • Bygging av veg frå Hodlekve til over Fosskammen
  • Utbygging av 500 hyttetomter
  • Opprusting av den eksisterande skiheisen
  • Ein ny heis på 900 meter frå toppen av dagens heis til Vardafjellet

Vilt og barnevenleg

– Denne heisen vil gje oss tilgang til eit slakt og barnevenleg alpinterreng på sida som vender ned mot Hodlekve, og til den villare laussnøkøyringa på andre sida av Vardafjellet, seier Hegbom.

- Frikøyringa området alt er kjend for er viktig for marknadsføringa av området, men skal dette bli god forretning er det familiane vi må ha tak i, og det er områda som vil opne seg med den nye heisen svært godt egna til, seier han.

Med seg har han den lokale kontaktmannen og initiativtakaren Jomar Haukås, som også er styremedlem i Sognefjorden Utvikling.

– Utbygginga av området vil skje over dei neste 15-20 åra, alt etter korleis marknaden utviklar seg. Fullt utbygd inneber det ei verdiskaping på meir enn to milliardar kroner, seier Haukås.

–Det einaste som kan hindre at me ikkje set i gang med alpinanlegget, vegen og hyttefeltet til våren er at ingen vil kjøpe hytter her, men eg ser ikkje for meg at det skjer, seier Hegbom.

Han ønskjer ei trinnvis utbygging med sentrum i området mellom Stedjekammen og Fosskammen like aust for dagens apinanlegg i Hodlekve.

Alt frå syklistar til folk i lakksko

Selskapet vil også satse tungt på å få på plass ei gondolbane frå Fosskammen til Vardafjellet 1220 meter over havet. Vardafjellet er ein fortopp til det kjende turmålet Blåfjellet.

– Det blir neste steg att. Håpet er å få den på plass om 5-6 år, og den er viktig for oss med tanke på å gjere dette til ein heilårsdestinasjon. Med den kan vi frakte opp både syklistar og folk i lakksko som berre vil opp og sjå, seier Hegbom.

Dei er allereie i tingingar med ein leverandør, og går ut frå at ei slik bane vil koste om lag 80 millionar kroner.

– Det er mykje pengar, men me treng ei slik bane for å få aktivitet 365 dagar i året, seier Haukås.

Hegbom og dei andre investorane starta utbygginga i Myrkdalen i 2000, og sysselset i dag omlag 220 personar i sine selskap, i tillegg til alle selskapa rundt som tilbyr tenester til fjellandsbyen. I Sogndalsdalen ser dei for seg å sysseslsette mellom 50 og 70 personar direkte i drifta av anlegget, i tillegg til rundt 100 personar i utbyggingsperioden.

- Og utbyggingsperioden vil vare lenge. Me må bygge stein på stein slik me har gjort det i Myrkdalen og gripe muligheitene vi ser, seier Hegbom.

- Skal Sogndalsdalen bli eit nytt Myrkdalen?

- Nei. Det vil ikkje bli likt. I tillegg slepp me å bygge opp alt frå grunnen her, slik me gjorde i Myrkdalen. Her har me Sogndal sentrum 10 minuttar unna og det sparar oss for mykje, seier han.

Store naturinngrep

I dagens reguleringsplan for området ligg det inne 300 hyttetomter i tillegg til forlenginga av skiheisen.

– Vi har ein stor jobb føre oss med reguleringsendringar, seier Hegbom.

– Kor store blir naturinngrepa?

– Dei blir store, det er det ingen grunn til å legge skjul på. Men me er nøydde til å gå fint fram. Øydelegg me naturen rundt oss så øydelegg me også det som gjer området attraktivt, seier Hegbom.