Hopp til innhold

Fristbrot i barnevernet er enorm påkjenning for familiar

Påkjenninga er stor for familiar som må vente lenge på hjelp frå barnevernet. Første halvår 2013 fekk fylkesmannen inn 23 fristbrot i Sogn og Fjordane.

Barn

VANSKELEG: Fylkesmannen er uroa for det høge talet på fristbrot i barnevernet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Fleire kommunar bryt tidsfristane i barnevernslova, og det fører til at barna ikkje får hjelp i rett tid.

– Sogn og Fjordane er eit ganske lite fylke, så for oss er det store tal. Det er 23 for mange, seier rådgjevar hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Line Pedersen Døsen.

Ho legg til at det ikkje er utan grunn at fristane er slik som dei er.

Førde braut fristen 11 gonger første halvår

– For ungane og familiane er det ei stor belastning dersom ein undersøkjer lenger enn det lova seier. Ein annan ting er at barnet ikkje nødvendigvis får den hjelpa det skal innan den tida som det skal få hjelp, seier Døsen.

Kommunane skal gå gjennom meldingar til barnevernstenesta seinast innan ei veke, undersøkingar skal gjennomførast innan tre eller seks månader.

Førde er ein av kommunane som har brote fristen. Og det heile 11 gongar i første del av fjoråret.

Kommunen har fått brev frå fylkesmannen om brot heilt sidan 2010. Einingsleiar Ove Mjåtveit seier dei no ser på rutinar og organisering.

– Vi har laga ein plan på korleis vi skal unngå nye brot, og lære av dei fristbrota som vi alt har gjort. Når det er fare for at barn lir overlast, så ser kommunen svært alvorleg på det, seier Mjåtveit.

Meiner det ikkje er noko gale med fristane

I alt fem barnevernstenester i fylket, to av dei interkommunale, fekk brev om fristbrot i fjor. Fylkesmannen tolerer ikkje noko form for brot på fristane.

– Det er klart at det er meir alvorleg dersom ei undersøking har drege ut i ti månadar og dei framleis ikkje har konkludert med kva dette barnet treng, enn viss dei har skrive feil i fagprogrammet sitt, seier Døsen.

Ho meiner likevel ikkje fristane er for strenge.

– Fristane er der for ein grunn. Det er lenge for ein familie å verte undersøkt utover seks månadar. Det er ikkje heldig å skulle endre på fristane, seier Døsen.