Hopp til innhold

UP: – Like mange alvorlege ulukker

Talet alvorlege ulukker i Sogn og Fjordane var ikkje høgare dei 11 første månadane av 2013 enn same periode i 2012. Dei høge dødstala i trafikken skuldast at utfallet av ulukkene var meir alvorlege.

Tre av dødsulukkene på vegane i Sogn og Fjordane 2013

DØDSULUKKER: Bileta syner tre av dødsulukkene på vegane i Sogn og Fjordane. Lengst til venstre er frå bussulukka i Fardal i august der to kvinner miste livet. I midten frå utforkøyringa i Balestrand der ei ung kvinne miste livet, og lengst til høgre frå dødsulukka ved Bryggja der ei seksbornsmor miste livet.

Foto: Fotomontasje: Øystein Nondal/Lars Jonas Pedersen/Øystein Torheim

Det seier Terje Oksnes som er distriktsleiar for Utrykkingspolitiet i distrikt 6, som dekker politidistrikta Haugaland og Sunnhordaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

2013 skriv seg inn i historia som det verste trafikkåret i Sogn og Fjordane på lenge. Ikkje sidan 2004 har så mange mista livet i trafikkulukker i fjordfylket. Ved årets slutt hadde 12 personar mista livet.

Utrykkingspolitiet sine eigne ulukkestal viser at det fram til og med november var 19 ulukker med drepne og skadde i november i både 2012 og 2013. Tala for heile 2013 er ikkje klare før i slutten av månaden.

Utfallet av ulukkene har derimot vore verre i 2013, då ni personar miste livet til og med november mot tre i same periode i 2012. Talet hardt skadde var i denne perioden 16 i 2013 mot 18 i 2012.

Nedgang totalt i UP-distriktet

Totalt sett hadde UP-distriktet ein nedgang frå 100 til 70 trafikkulukker med drepne og hardt skadde i løpet av dei elleve første månadane i 2013.

Heile denne nedgangen kom i Hordaland politidistrikt.

  • Haugaland og Sunnhordland har 16 slike ulykker begge åra, 8 omkomne mot 3 i 2012, og 11 hardt skadde mot 13 i 2012.
  • Sogn og Fjordane har 19 slike ulykker begge åra, 9 omkomne mot 3 i 2012, og 16 hardt skadde mot 18 i 2012.
  • Hordaland har 35 slike ulykker mot 65 i 2012, 10 omkomne mot 15 i 2012, og 31 hardt skadde mot 65 i 2012.

Noko god forklaring på tala har ikkje UP-sjefen.

– Det er vanskeleg å seie kvifor det er slik, det er mykje som påverkar desse tala, seier Oksnes til NRK.no.

– Lite som skil mellom liv og død

Andre juledag miste tre personar livet i ein kraftig frontkollisjon på E39 i Våtedalen, og dødstalet i trafikken i Sogn og Fjordane gjekk dermed opp frå ni i november til 12 på årsbasis i 2013.

I det store biletet endrar ikkje dette UP sin statistikk nemneverdig med tanke på at talet alvorlege ulukker har vore noko lunde likt både i 2012 og 2013, seier Oksnes.

Den største skilnaden er altså at utfallet av ulukkene har blitt mykje verre.

– Det er gjerne slik at avstanden mellom ei lettare skade og eit dødsfall er ganske liten. Det kan vere tilfeldigheitene som rår, seier UP-sjefen.

– Er det eit spørsmål om flaks eller uflaks?

– Nei, eg veit ikkje om ein skal kalle det uflaks. Det er stort sett menneskelege handlingar som er årsaka til desse ulukkene, seier Oksnes.

Drepne og hardt skadde i Sogn og Fjordane

UTVIKLINGA: Slik ser Vegvesenet sin statistikk over drepne og hardt skadde i trafikken i Sogn og Fjordane ut for dei siste 36 åra.

Foto: Statens vegvesen