Hopp til innhold

Trekte havarist av grunn i natt

I 03.30-tida natt til måndag vart MS «Conberria» trekt av grunn ved Stabben fyr.

Conberria

AV GRUNN: Sementskipet MS «Conberria» ligg ikkje lenger fast på Vombanakkane, aust av Stabben fyr i Flora.

Foto: NRK-tipsar

Sementskipet som onsdag i førre veke gjekk på Vombanakkane vart i helga tømd for last.

Hans Terje Anonsen, som representerer reiarlaget i samband med berginga, seier bergingsaksjonen i natt var vellukka.

– Det gjekk veldig, veldig bra. Heilt etter boka. Skuta er trygt forvara og fortøydd ved Westcon sitt kaianlegg i Florø, seier Anonsen i morgontimane måndag.

Som planlagt

Det vart fredag gjort fleire forsøk på å trekkje lasteskipet av skjæret, utan å lukkast. Sjølv om havaristen hadde teke inn ein del vatn, låg skipet stabilt til det vart trekt av grunn.

– Det er alltid vanskeleg å gjennomføre prosessar som dette, men når ein har med profesjonelle menneske å gjere, så går det bra. Eg vil tru at bergingskapteinen vil seie at det var ein grei prosess. Alt gjekk som planlagt, seier Anonsen.

Uvisst skadeomfang

Skipet hadde over 230 tonn med olje og diesel om bord, men ingen av drivstofftankane vart skadde. Det skal ikkje vere meldt om utslepp i samband med grunnstøytinga.

Verken årsak eller skadeomfanget er kartlagt.

– Det er for tidleg. Vi har akkurat kome til kai, men den jobben skal vi byrje med no, seier Anonsen.