Hopp til innhold

Ventar med å dra lastebåt av grunn

Først i ettermiddag vil ein prøve å dra lastebåten «Conberria» av grunn i Florø. Båten skal ha halde full fart då den gjekk på grunn ved Stabben i går kveld.

Hovudredningssentralen fekk melding om grunnstøytinga klokka 21.35 onsdag kveld. Eit mannskap på 13 er om bord, men til alt hell vart ingen av dei skadde då båten trefte land eit par hundre meter sørvest for Stabben fyr.

VIDEO: Redningsskøyta RS Halfdan Grieg har natt til torsdag lege ved den grunnstøytte lastebåten. Sjå bileta under vatn.

Hovudredningssentralen fekk melding om grunnstøytinga klokka 21.35 onsdag kveld. Eit mannskap på 13 er om bord, men til alt hell vart ingen av dei skadde då båten trefte land eit par hundre meter sørvest for Stabben fyr.

Kapteinen på den 105 meter lange båten har takka nei til evakuering, og mannskapet er torsdag morgon framleis om bord. Dei har fått på plass lenser for å få unna vatnet som båten tek inn.

Redningsskøyta «RS Halfdan Grieg» har lege like ved havaristen i natt. Skipper Per Bergmann seier ein ikkje vil prøve å dra båten av land enno.

– Båten ligg trygt på grunn. Rundt klokka 01 i natt vart det bestemt at vi skal vente til neste flo med å dra den av, då har vi litt meir ressursar i området, seier han.

Ikkje mistanke om rus

Politiet har hatt folk om bord for å snakke med mannskapet. Ifølgje operasjonsleiar Per Rimmen veit dei førebels ikkje kva som gjorde at båten gjekk på grunn.

– Politiet har vore om bord og snakka med skipper og dei som var på brua på dette skjedde. Det er teke alkotekst, og det vart ikkje utslag, dermed er det ikkje mistanke om ruspåverknad i dette tilfellet.

– Vi skal undersøke saka vidare, og det blir oppretta saka. Det vil bli gjort avhøyr i saka, og så får vi sjå kva konklusjonen blir, seier operasjonsleiaren.

Skipperen på redningsskøyta har snakka med kapteinen, som skal ha sagt at båten heldt full fart då den gjekk på grunn.

Skipet skal i går ha vore på veg frå Brevik til Spjelkavik. Ifølgje Sunnmørsposten går lasteskipet jamleg mellom Ålesund og Brevik.

Sementskipet Conberria gjekk torsdag kveld på grunn ved Stabben utanfor Florø.

Conberria på grunn ved Stabben utanfor Florø.

Har kome på feil side

Då redningsskøyta og skipper Per Bergmann kom til staden såg dei båten stå på ei grunne, på feil side av ein stake som lyser for å markere kor båtane skal gå.

– Lyktene verkar, og sidan det er ei hurtigbåtlei er heile staken opplyst. Så det skal vere ganske klart kor ein skal gå, seier han.

Han seier det er mange skjær og holmar i området, og at det difor kan vere utfordrande å navigere seg. Men for navigatørar skal det ikkje vere noko problem, meiner skipperen.

– Det er mange raude og grøne stakar, så det kan ha vore ei feilvurdering. Kva som har skjedd på brua i dette tilfellet kjenner ikkje vi til, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lastebåten «Conberria» på grunn utanfor Florø

PÅ GRUNN: Lastebåten Conberria har gått på grunn sørvest for Stabben fyr i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Har sjekka skadane

Per Bergmann som er skipper på «RS Halfdan Grieg» var sjølv i vatnet i natt for å sjekke skadane på skroget på lastebåten.

– Det er ikkje store rifter som eg kan sjå, men den tek inn ein del vatn sidan den gjekk å hardt på land. Det er nok også hol under som vi ikkje har sett, seier han.

Lastebåten tek inn ein del vatn, men det skal ikkje vere snakk om at det er lekkasjar av olje eller andre ting frå båten og ut i sjøen.

– Hola er så langt framme at det er langt frå der dei har tankar med diesel og slike ting, seier Bergmann.

Også i august 2008 måtte sementskipet ha assistanse. Den gong låg dei utan maskinkraft på Sletta, like nord for Haugesund. Redningsskøyta «Bergen Kreds» slepte skipet til Haugesund.

Ventar på flo

Redningsskøyteskipperen seier dei no ventar på fleire ressursar til området. Det er allereie taubåtar klare, men ifølgje Bergmann vil ein mellom anna ha fleire dykkarar på plass.

– Ein vil ha dykkarar som kan sjå på skadane på båten med det same den er drege av grunn, seier han.

Mest truleg vil ein dra båten av grunn ved neste flo, som er i 13-tida torsdag ettermiddag.

Lastebåt på grunn

TEK INN VATN: Det har kome pumper om bord på lastebåten. Førebels er situasjonen under kontroll.

Foto: Nrk.no-tipsar