Hopp til innhold

På tredje kast på årets første fisketur beit storruggen på...

På årets første fisketur, attpåtil med eigenbunden fluge, knuste Thor Jørgen Spurkeland sin eigen lakserekord då han fiska i Jølstra i går. Den 107 centimeter lange laksen er estimert til om lag 14 kilo.

Spurkeland

NØGD: Thor Jørgen Spurkeland var nøgd då han endeleg fekk laksen på land.

Foto: privat

– Eg var i Jølstra på sone 5, og hadde i grunn ikkje så store forventningar. Men eg visste at så tidleg i sesongen, i juni månad, så er det ofte storlaks-tid. Så eg trudde at dersom det beit på, så ville det vere stor fisk, seier Spurkeland, som stod åleine langs Jølstra og fiska.

Og laksen var tydelegvis bitevillig, for allereie på tredje kastet beit det på.

– Det small på, og eg forstod at det var stor fisk. Han stod dønn i ro på botn av hølen, så eg forstod då eg tok til å presse, at det var bra storleik på han, seier Spurkeland.

Måtte slåst i 35 minutt

I byrjinga tippa han at ruggen kanskje kunne vere borti åtte-ti kilo.

Den gjenstridige laksen sette opp ein durabeleg kamp, og Spurkeland kjende adrenalinet pumpe skikkeleg.

– Han kjempa som besett, så eg kjende pumpa gå, ja. Då han kom opp og synte seg, så forstod eg at laksen måtte vere ganske mykje større, seier Spurkeland.

Vel 35 minutt tok det før ruggen gav seg. Og då hadde Spurkeland fått selskap av ein kamerat, som hjelpte han å få fisken i land.

– Eg stod først åleine og venta på ein kompis, men så vart han litt forseinka. Då eg stod og køyrde fisken, så hadde eg ikkje mobilen på meg. Den låg att i fiskehytta, fortel Spurkeland.

Kjekt å få fangst på eiga fluge

For å få tak i kompisen, rygga Spurkeland ti-15 meter bakover inn i gapahuken, der han fekk fiska ut mobiltelefonen sin.

– Slik at eg fekk ringt kompisen min og høyrt kor han var. Han var fem minutt unna, og kom springande for å hjelpe. Han drog han inn i sporden, slik at vi fekk teke bilete og måla han, og så sleppte vi han ut att, seier Spurkeland.

Laksefluge

HEIMELAGA: Spurkeland tok beistet på si eiga fluge.

Foto: Privat

Ekstra kjekt var det at laksen beit på ei fluge som Spurkeland sjølv laga tidlegare i veka.

– Nokre kveldar før batt eg ei ny fluge som eg skulle teste. Det gav suksess, seier Spurkeland, og ler.

For han meiner sjølv at han aldri har vore spesielt god til å binde fluger, men at det har vorte betre med åra.

Hadde på litt glitter

– Eg har ein venn av meg som har synt meg ein del, og eg tykkjer eg har byrja å få det meir til. Å få ein slik laks på ei eigenlaga fluge er litt spesielt, seier Spurkeland.

For dei som er litt over snittet interesserte i flugebinding, var dette ei sunray shadow svart/kvit lang overvinge-fluge.

– Så hadde eg litt glitter i ho for å gi ho litt liv, seier Spurkeland.

I tillegg hadde han bestemt seg for å prøve ut noko nytt, nemleg å bruke små krokar på laksen.

– Dei fleste brukar store krokar, såkalla kriblekrokar. Men eg fann ut at eg skulle prøve ein ny teori og sjå om det fungerte med små krokar på tubefluge, seier Spurkeland.

Han brukte krok 12, i tillegg til at fortommen berre tolte 0,35.

– Det var veldig tynt, så eg visste eg måtte vere veldig forsiktig for at ikkje fortommen skulle ryke. Men det fungerte som berre juling, seier Spurkeland, som er svært nøgd med resultatet.

– Det viser at det er vel så effektivt som dei flugene du kjøper i butikken med tusenvis av fargar, seier Spurkeland.

Den førre rekorden var på sju kilo

Ikkje nok med at det vart suksess på årets første fisketur og med eigenprodusert fluge, så vart det også ny personleg rekord.

– Min personlege rekord på fluge var frå Lærdal i fjor. Den var sju kilo. Så eg dobla rekorden min. 14 kilo er det desidert største eg har fått, seier Spurkeland.

Men viss du trur at Spurkeland no ser fram til ein betre laksemiddag, tek du feil. Det må i tilfelle vere viss han kjøper med seg laks heim frå butikken.

– All laks i Jølstra er freda, så denne vart sleppt ut att så raskt som råd etter at vi hadde teke biletet, seier Spurkeland.

Er klar til ny dyst i kveld

Han har drive med flugefiske sidan han var 12 år, og Førde-spelaren brukar fiske som rekreasjon.

– Då får eg tankane over på andre ting. Det er min måte å kople av frå både fotball, jobb og studiar på, seier Spurkeland.

Allereie i kveld er han klar til ny runde i Jølstra. Men han er forsiktig med å tru på endå ein rugg.

– Eg skal vel vere forsiktig med å tru noko om det. Å ha slik flaks to dagar på rad, skal vel noko til, seier Spurkeland.