Hopp til innhold

– Plutseleg forsvann bilen i ei snøsky

Uhella held fram på vintervegane i fylket. I løpet av fem velta ein bossbil på E39 i Jølster og ein semitrailer med IKEA-møblar på E16 i Lærdal.

Bossbil velta ved Bjørset i Jølster.

VELTA: Ein bossbil velta på E39 ved Bjørset i Jølster.

Foto: Christer Reksten Solheim

Etter ein tilnærma kaotisk torsdag, har det halde fram med fleire trafikale problem fredag.

Ein bossbil frå Norsk Gjenvinning velta i 1630-tida på E39 ved Bjørset i Jølster. Den skal ligge heilt på sida av vegen, så den skal ikkje vere til hinder for trafikken.

– Det er glatt vegbane og vinterføre. Den har køyrt heilt av vegen, seier brannsjef Bjørn Anders Steinsund i Jølster.

Solid trykk

– Det står bra til med føraren, så alt verkar greitt. Det er materielle skader, men så langt ingenting som indikerer lekkasje, seier Steinsund.

Brannvesenet, politi og ambulanse er på staden. Eitt felt er stengt. Det er dirigering av trafikken på staden. Christer Reksten Solheim køyrde bak bossbilen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Føraren kom til alt hell uskadd frå det då bossbilen kvelva på E39 i Jølster fredag ettermiddag.

KVELVA: Bossbilen kvelva i Jølster. (Foto: Christer Reksten Solheim)

Christer Reksten Solheim

KØYRDE BAK: Christer Reksten Solheim kom bak bossbilen.

Foto: Privat

– Det snør godt, er glatt og snøen bles opp framfor. Så kjem det endå meir snø, og då var traileren ute i sida med begge høgredekka. Plutseleg forsvann bilen i ei stor røyksky, så låg den på sida, fortel han til NRK.no.

Hytta vart knust

Hytta til bossbilen har fått seg ein solid smell i uhellet. Men til alt hell ser det altså ut til å gå bra med føraren. Det er uvisst når bilberginga tek til.

– Hytta var knust. Den trefte ikkje noko då den velta, men det ser ut til at den har sklidd litt bortover langs bakken. Den stogga rett føre eit tre, seier Reksten Solheim.

– Vi var eitt par bilar som stoppa, så vi såg til det gjekk bra med føraren før vi ringde alarmsentralen. Han verka å vere i sjokk, men sa han ikkje hadde vondt eller noko, legg han til.

Velta ved Ljøsne

Semitrailer i grøfta ved Ljøsne

I GRØFTA: Semitraileren var på veg til Bergen med IKEA-møblar då den hamna i grøfta på Ljøsne.

Foto: Jan Christian Jerving

Få minuttar seinare tikka det inn melding om ein utanlandsk trailer som har velta på E16 ved Ljøsne i Lærdal. Den latviske semitraileren skulle til Bergen med IKEA-møblar.

Det skal ikkje vere skade på førar.

– Den ligg veldig fint ute i vegkanten. Den er ikkje til hinder for trafikken no, men det kan nok bli litt kødanning etter kvart når den skal bergast, seier Aslaug Husum som køyrde forbi staden.

– Køyr varsamt

Føraren har opplyst til NRK sine kjelder på staden at uhellet skjedde då han møtte fleire større vogntog, og la seg ut for å passere. Han opplyste vidare at semitraileren er ny.

Det skal vere glatt vegbane også på Ljøsne.

– Ein skal køyre varsamt. Det er ikkje bart i sporet, så det er snø og isføre, seier Husum.

Brøytebil av vegen ved Svarthumle

UHELL: Det har vore ein ny dag prega med trafikkuhell. Denne brøytebilen hamna av vegen ved Svarthumle i Flora.

Foto: Johan Johansson