Hopp til innhold

Ambulansen hamna i grøfta på glatta

Ein ambulanse hamna utfor vegen ved Osen bru i Gaular.

Ambulanse utfor vegen

HAMNA UTFOR PÅ GLATTA: Ambulansen hamna utfor vegen på det glatte føret.

Foto: Sindre Sunde Tveit

– Ein av bilane våre har sklidd av vegen mellom Bringeland og Osen bru. Det skal vere ein pasient som skulle ut frå sjukehuset tilbake til kommunal institusjon. Det er ikkje meldt om skade verken på pasient eller våre tilsette, seier Stian Sægrov, som er leiar for ambulansetenesta i Sogn og Fjordane.

NRK sin reporter som reiste forbi staden, seier at det var så glatt i området at det knapt var mogleg å stå i ro. Også fleire andre stader i fylket blir det meldt om utfordrande køyreforhald og glatte vegar.

– Det er sagt at det er glatt, og det har vi fått melding om fleire stader. Vi har løyst situasjonen no med å sende ut ein ny ambulanse som har tatt over transport av pasienten, seier Sægrov.

Ambulansen har akkurat klart å balansere i vegkanten.

BALANSERTE PÅ KANTEN: Ein pasient var ombord i ambulansen som køyrde i grøfta mellom Bringeland og Førde i dag.

Foto: Heidi Lise Bakke