Hopp til innhold

To personar tatt av ras i Stryn

Fleire vegar er framleis stengde på grunn av ras. No blir det rydda for harde livet.

RYDDING AV RAS: Her blir raset i Lodalen rydda av Jan Ove Hogrenning. Foto: Harald Kolseth.

Kraftig nedbør har ført til kaos på vegane. Dei store mengdene med vatn gjorde at steinar og jord dundra frå fjellsidene og ned på vegane.

Blant dei som må rydde opp i vegkaoset er Jan Ove Hogrenning i Lodalen.

– Det er ein jobb som må bli gjort. Det viktigaste er at folk halde seg heime i sånt vêr og at det ikkje er for mykje trafikk, seier han.

Ein varebil med to personar vart i morgontimane onsdag tatt av ras på riksveg 15 ved Fosnes i Oppstryn. I stummande mørke merka mennene at raset trefte dei på sida av bilen. Bilen blei løfta opp og hamna på toppen av raset, som var ti meter breitt. Etter få timar kunne geoglog Jens Tveit opne vegen på det kjende raspunktet.

– Det har vore ei blaut natt over heile Sogn og Fjordane, så det var ganske spesielt på morgonkvisten. No er mykje vatn i jorda, og det kan fort skje fleire ras framover, seier Tveit.

Geologen ber alle tenke over rasfaren på dagar med mykje nedbør.

– Ha det i bakhovudet når du køyrer og følg oppmodingane til Vegvesenet, seier han.

Geolog

TENK OVER RASFAREN: På dagar med mykje nedbør bør ein tenke over rasfaren, seier geolog Jens Tveit.

Foto: SILJE GUDDAL / NRK

Fleire vegar er stengde

Desse vegane er stengde på grunn av ras eller mykje vatn på vegen:

  • Fv. 13 ved Mel opp Gaularfjellet er stengt på grunn av eit steinras. Vert ikkje opna før fredag.
  • Fv. 422 stengd ved Osen bru er stengt på grunn av store vassmengder.
  • Fv. 615 mellom Hyen og Hope ved Hopsvatnet på grunn av steinras.
  • Fv. 723 Sande og Bødal i Loen er stengd på grunn av ras.
  • Fv. 770 i Stryn ved Hjelleøyane er stengt grunna rasfare.

Blant vegane som var stengde er fv. 616 i Bremanger. Der måtte Tore Skjølberg ta ansvar med å dirigere trafikken vekk frå staden.

– Vi sjekka om det var bilar i raset, før vi køyrde vekk frå staden og fekk stogga trafikken inn til området, seier Skjølberg.

Skatestraumen

FV. 616: Ved Klubbelvane har det gått eit stein- og jordras som stenger vegen.

Foto: OVE NYBØ

Rasstengde vegar får konsekvensar

Rolf Tenden driv Thor Tenden Transport og har seks vogntog som står i kø.

– Vi rekk ikkje innom Lom for å hente mjøl til bøndene i Stryn. Vi må køyre omkøyringsvegen som er 20 mil lengre. Noko som både kostar pengar og tek tid, men tid er det verste, seier han.

Raset får konsekvensar for transportverksemda og bøndene i Nordfjord.

– Bøndene har automatisk fôring, og fleire av desse har gått tom for fôr, så no må vi finne ei kriseløysing, seier Tenden.

RYDDING AV RAS: Eit ti meter breitt ras stengde rv. 15 i Oppstryn.

Mykje nedbør på Vestlandet

Det er mykje vatn på vegane i vest. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er hardast råka av nedbørsfronten i dag.

– Den verste nedbøren er over i ytre strøk. Framover er det indre strøk som får mykje nedbør, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Telefonane har knapt stått stille på Vegtrafikksentralen i Bergen. Dei har ei klar oppmoding til folk som skal ut på vegane på morgonkvisten.

– Ta det med ro og køyr etter forholda, seier trafikkoperatør Hanne Nordheim.