Hopp til innhold

I dag skulle departementa eigentleg svare om Engebø

Sidan 2007 har gruveselskapet Nordic Mining jobba for å få starte opp gruvedrift med mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.

Laster innhold, vennligst vent..

I 2010 reiste Fiskeridirektoratet ei innseiing til reguleringsplanen for Engebøfjellet. Dei meinte det måtte meir kunnskap til før Nordic Mining kunne få setje i gang med sine planer om eit sjødeponi i Førdefjorden.

Prosjektet er svært omstridd og mykje omdiskutert på politisk nivå, spesielt på grunn av planane om å deponere gruveavfallet i eit fjorddeponi, kor om lag 4 kilometer av fjordbotnen vil verte lagt aude over ein periode på 50 år.

På den andre sida, vert ei stor næringsnytte og 170 nye arbeidsplassar i Naustdal trekt fram som fordelar som veg tungt nok til å seie ja.

Ba om utsetjing

I mars 2013 bad Miljøverndepartementet med daverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) i spissen Nordic Mining om å gjere tilleggsutgreiingar. Dei meinte at kunnskapsgrunnlaget rundt konsekvensane for livet i fjorden var utilstrekkeleg for å fatte ei avgjerd, og utsette avgjerda eitt år.

No har Nordic Mining samla inn det dei meiner er tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag og levert sine tilleggsutgreiingar, og ventar no på regjeringa si behandling av reguleringsplanen for Engebøfjellet.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft og fiskeriminister Elisabeth Aspaker

MÅ SVARE: Klima- og miljødepartementet og nærings- og fiskeridepartementet har fått frist til fredag 21. november til å gje si utsegn til kommunal- og moderniseringsdepartementet på om dei ønskjer gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden. Her representert ved klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) og fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).

Foto: Montasje, NRK. Berit Roald og Dan Henrik Klausen.

Forlenga på ubestemt tid

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har derfor bedd klima- og miljødepartementet og nærings- og fiskeridepartementet om å vurdere om det er grunnlag for ei ny tilråding i saka.

Klima- og miljødepartementet og nærings- og fiskeridepartementet hadde opphaveleg fått frist til i dag – fredag 21. november – for å kome med sine utsegn i saka. Den fristen er no forlenga.

Til sjuande og sist er det opp til kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til reguleringsplanen for Engebøfjellet, og avgjere om det vert gruvedrift i Vevring eller ikkje.

– Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil gjere ei grundig behandling av saka når vi har mottatt høyringsuttalane frå klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, seier statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Per-Willy Amundsen (Frp) i ein e-post til NRK.