Hopp til innhold

Tar ferie på toppen av tabellen

Sogndal burde ha vunne den siste kampen før sommarferien. – Med ti mann i 50 minutt var eitt poeng i lommen som siger å rekne, seier Bakke.

Sogndal-spelarane takkar Saftkokaradn på Brann stadion.

FERIE PÅ TABELLTOPPEN: No tar spelarane velfortent ferie. Målet er å komme like sterkt tilbake i haustsesongen (Arkivbilete)

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med ti mann på bana under det meste av kampen mot Strømmen var trenar Eirik Bakke svært godt fornøgd med at resultatet av kampen vart 1 – 1 og at Sogndal kunne ta med seg eitt poeng heim.

– Det skjedde mykje i første omgang, og fekk ei utvising av Christophe Psyché. Men heldigvis gjekk mannskapet på bana og «tok» andre omgang berre med ti mann. Så vi burde ha vunne seier trenar Eirik Bakke.

– Betre med ti mann

Det var rett før pause at Psyché vart utvist etter å ha tileigna seg det andre gule kortet for kvelden, og heimelaget ved Madiou Konate fekk nettkjenning få minuttar etter.

Det var Mahatma Otoo som utlikna for Sogndal på straffe i det 57. minutt. Då hadde Sogndal allereie sett inn Kristian Fardal Opseth som med sine friske bein gav Strømmen utfordringar. Men då han vart felt innanfor 16-meteren var dommaren ikkje sein med å blåse for straffe.

– I dag var vi faktisk betre med ti mann enn med elleve. Spelarane la ned ein enorm innsats, seier Bakke.

Ferie på tabelltoppen

Sogndal har spelt uavgjort dei siste tre kampane. Bakke meiner Sogndal hadde så mange sjansar at dei burde ha sikra sigeren i andre omgang i denne kampen.

– Det er surt at vi ikkje får alle poenga, men i dag er det eine poenget litt meir verdt enn berre eitt poeng. Det viser moralen i laget, dei vil ikkje tape kampar.

No kan lage ta ein velfortent ferie på toppen av tabellen.

– Det er der vi vil vere. Og vi skal vere godt fornøgde med vårsesongen og poengfangsten vi har gjort. Det er halvspelt og ingenting er avgjort. Det passar godt med pause no, så skal vi lade batteria godt før hausten, seier Bakke.