Hopp til innhold

Talet katolikkar har dobla seg på få år - ventar framleis på katolsk senter

På få år har talet på katolikkar i Sogn og Fjordane dobla seg. Men dei 2000 katolikkane har framleis ikkje noko eige forsamlingshus.

Katolsk messe i bedehuset i Førde

EIGE FORSAMLINGSHUS: Katolikkane i Sogn og Fjordane har lenge ønskja seg eige forsamlingshus, men må enn så lenge greie seg med det gamle bedehuset i Førde.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det er i dag meir enn 2000 katolikkar i Sogn og Fjordane. Mange av dei samlast kvar søndag i det gamle bedehuset i Førde.

Men lokala er ofte heilt fulle, og katolikkane håpar no dei kan få sitt eige forsamlingshus.

– Vi er glade vi får vere i bedehuset, det er ein fin stad og stettar behova våre. Men det blir for lite, nokre gonger det er rett og slett stappfullt, seier Traute Dvergsdal som er ein av katolikkane som har budd lenge i Sogn og Fjordane.

Samlar seg til messe i bedehus

Stadig fleire katolikkar flyttar til fjordfylket, og frå berre eit par hundre i 2005 er talet no oppe i rundt 2000. Den store veksten skuldast i hovudsak innvandring, mellom anna har mange familiar frå Polen flytta til fjordfylket.

På det gamle bedehuset i Førde samlar pater Markus Zur fleire titals truande til messer i helgene.

– I Sogn og Fjordane bur det i dag ca. 2000 katolikkar får heile verda. Dei kjem frå Asia, Europa, Afrika, Australia og ei rekkje land, seier pater Zur.

Katolikkar i fylket som ønskjer å gå på messe må reise til Førde, og ofte kjem dei langvegs frå.

– Dei kan kome frå Nordfjordeid, Sogndal eller Førde, ramar Zur opp som nokre eksempel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pater Markus Zur

MANGE: Det blir stadig fleire katolikkar i Sogn og Fjordane. Mange samlar seg i bedehuset i Førde der pater Markus Zur held messe kvar helg.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette er viktig for oss

For katolikkane er det svært viktig å kunne samlast på denne måten. Traute Dvergsdal kom til Sogn og Fjordane allereie på 1960-talet, og har sidan sett at talet har vakse.

Ho set stor pris på å kunne samlast med likesinna til gudsteneste i Førde.

– Det er veldig kjekt å vere samla til gudsteneste. Du kjenner på at du høyrer til eit verdssamfunn, og den katolske kyrkja er på mange måtar ei verdskyrkje, seier ho.

Den katolske messa har nokre forskjellar frå den protestantiske messa.

– Hovudskilnaden er at vi på kvar messe har nattverd. Det er ikkje så lange preikar, men meir konsentrert rundt nattverden, seier ho.

Også andre katolikkar NRK snakka med trekk fram kor viktig det er for dei å kunne samlast på denne måten.

– Dette er viktig for meg, seier ei kvinne frå Rwanda.

– Det er heilt ypparleg. Det er viktig for oss å ha høve til å delta på gudsteneste kvar veke, seier ein annan.

Ventar framleis på eiga kyrkje

Men ofte kan det bli for mange som møter fram til messene på det gamle bedehuset i Førde. Lokala blir for små, og katolikkane skulle aller helst sett at dei fekk sine eigne lokale.

Allereie i 2008 uttrykte den katolske kyrkja ønskje om eit eige forsamlingshus i Førde. Men planane har sidan ikkje kome langt.

– Den katolske kyrkja ønskjer å få ei eiga kyrkje og eit katolsk senter i Førde, seier Dvergsdal.

Førde kommune sette i 2008 av ei tomt på Hafstadflata for andre trusretningar. Over fem år seinare er det altså framleis ikkje avklart korleis dette vil bli.

– Det må forhandlast med grunneigar og kommunen om pris og liknande, og framleis er ikkje ting avklart, seier Dvergsdal.

Skal diskutere saka i januar

Ordførar i Førde, Olve Grotle (H), vedgår at det har teke tid å få ei avklaring i denne saka.

– Det er regulert eit areal på Hafstad som kan eigne seg for å setje opp ei katolsk kyrkje. Eg forstår godt at katolikkane er utolmodige, og eg ønskjer sjølv at dei skal få fortgang i planane sine, seier Grotle.

Han seier kommunen har teke initiativ til eit møte i saka.

– Slik det ser ut no blir det halde ei møte i januar mellom dei ulike aktørane for å sjå om ein kan få fortgang i planane, seier ordføraren.

Noko tidspunkt for kor tid ein kan starte bygging vil han ikkje spå, men han lovar at kommunen skal gjere sin del av jobben.

– Kommunen skal gjere sitt for at planane kan realiserast så fort som mogleg.

Dvergsdal håpar det ikkje går for lang tid før forsamlingshuset deira er på plass.

– Det er mange katolske innvandrar til Sogn og Fjordane og i løpet av ti år har talet katolikkar vakse veldig. Mange familiar ønskjer å slå seg ned, og ønskjer å ha moglegheit til å lære opp barna sine innan for den katolske trusretninga, seier Dvergsdal.